-itt – Store norske leksikon (original) (raw)

-itt er eit suffiks som betyr at noko høyrer til eller er forbunde med noko.

Faktaboks

Etymologi

via fransk og latin frå gresk -ites ‘som høyrer til’

Suffikset blir brukt i framandord av latinsk-gresk opphav, særleg om mineral, bergartar og fossil, til dømes i granitt og trilobitt, og om kjemikaliar, til dømes i nitritt. Suffikset blir også brukt i ymse ord for menneskeskapte produkt, som i dynamitt og bakelitt.

Suffikset blir dessutan brukt i ord for personar med bestemte eigenskapar, tilhøyr eller skapnad, til dømes i jesuitt, mandalitt og transvestitt.

I medisin blir -itt brukt om betennelsar, til dømes i bronkitt og meningitt.

Les meir i Store norske leksikon