suffiks – Store norske leksikon (original) (raw)
Suffiks er ein orddel (ein morf) som blir lagt til på slutten av eit ord, ei stamme eller ei rot, og som ikkje sjølv er eit ord, ei stamme eller ei rot.
Faktaboks
Uttale
suffˈiks
Også kjend som
etterledd, ending
Døme avleiingssuffikset -skap i ordet venskap eller bøyingssuffikset -er i ordet kvinner.
- Avleiingssuffiks dannar nye ord, som -heit i godheit, -leg i venleg eller -ne i gulne.
- Bøyingssuffiks indikerer ei bøyingsform av ordet, som -en i guten, -r i køyrer eller -e i gule.
Ei samnemning for det som eit suffiks kan leggjast til, er base. Med ein base meiner vi først og fremst eit ord, ei stamme eller ei rot.
Suffiks er ein type affiks. Andre vanlege typar affiks er prefiks, som blir lagt til føre ein base og infiks, som blir lagt til inni ein base, primært inni ei rot.