Ålgård/Figgjo – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
11 900 (SSB, 2023)
Landareal
5,2 km²
4601 Ålgård/Figgjo
Ålgård/Figgjo er ein tettstad i kommunane Gjesdal og Sandnes i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 5,2 km², og har 11 900 innbyggjarar (2023); 81,3 prosent i Gjesdal, 18,7 prosent i Sandnes.
Tettstaden ligg ved Edlandsvatnet ca. 11 km søraust for Sandnes sentrum. Ålgård, som er den austre delen av tettstaden, er administrasjonssenter i Gjesdal kommune.
Tettstaden har ein stor industri, først og fremst trevare- og tekstil- og kledningsindustri, og dessutan produksjon av mineralske produkt (Figgjo AS, ein av dei leiande produsentane i landet av porselen og fajanse). Ved tettstaden ligg Kongeparken, ein av dei største underhaldningsparkane i landet. Staden er eit viktig handelssentrum. Gjennom Ålgård går E39 til Stavanger; Fv. 45 går frå denne austover til Sirdal og vidare til Setesdal (Suleskardvegen; strekninga Sirdal–Setesdal er vinterstengt).
Namnet Ålgård kjem av ål og gard i tydinga 'gjerde', det vil seie 'gjerde til fangst av ål'. Namnet Figgjo er truleg opphavleg eit elvenamn, Figg, som også er førsteledd i gardsnamnet Figgve; har samanheng med norrønt fit, 'feit', 'frodig', eller som elvenamn, 'den svulmande'.