Gjesdal – kommune i Rogaland – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Administrasjonssenter
Ålgård
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
12 362 (2024)
Landareal
558 km²
Høgaste fjell
Strålaus (1142 moh.)
Innbyggjarnamn
gjesdalbu
Målform
nøytral
1122
Kommunevåpen
Gjesdal kommune i Rogaland fylke.
Gjesdal. Den vakre Månafossen, med ei fallhøgd på omkring 90 meter.
Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke, søraust for Sandnes. Gjesdal ligg i overgangen mellom Høg-Jæren, Ryfylke og Dalane og grensar i aust til Agder fylke.
Kommunen vart oppretta i 1837 då det kommunale sjølvstyret vart innført. Den fekk dei noverande grensene sine i 1965 då søre del av tidlegare Forsand, austre del av tidlegare Høle, og dessutan mindre delar av Bjerkreim (Nedre Maudal) og ein ubebodd del av Time, vart overført til kommunen. Samtidig endra kommunen namn frå Gjestal til Gjesdal.
Gjesdal omfattar i vest øvre del av Figgjo og det meste av Oltedalselva sine nedbørfelt, i nord områda omkring Høgsfjordens inste arm, Frafjorden, og dessutan dal- og fjellstrøka austover til fylkesgrensa mot Agder. I søraust omfattar kommunen øvste del av Bjerkreimsvassdraget. Gjesdal grensar til Sandnes i nord, Sirdal i Agder i aust, Bjerkreim i sør og Time i vest.
Natur
Heile Gjesdal ligg innanfor det store sørnorske grunnfjellsområdet. Berggrunnen blir dominert av ulike gneisar som har gitt eit svært kupert terreng med noko skog, mest lauvskog, i dei lågare stroka. I vest er heiene kolleforma, 300–800 meter over havet (Vådlandsknuten i Madlandsheia, 811 meter over havet). I aust er terrenget brattare og høgdeforskjellane større. Berggrunnen viser her ei markert strøkretning sørvest–nordaust og når på grensa til Sandnes i aust, 1142 meter over havet, der fjellet Strålaus er Gjesdal sitt nordlegaste punkt. I grenseområdet mot Bjerkreim, sørvest for Byrkjedal, ligg Gloppedalsura, ein av dei største steinurene i landet.
Lausavsetninger av betydning finn ein i dei lågareliggjande dalstrøka, særleg i dei vestlegaste delane av kommunen, rundt kommunesenteret Ålgård. Her finn ein det meste av dyrkingsjorda.
Klima
Kaldaste månad er februar med normal på 1,7 °C, og varmaste månad er august med normal på 15,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 175,6 millimeter og minst er det i mai med normal på 68,0 millimeter. Målingane er gjorde ved Særheim målestasjon.
Befolkning og busetjing
Busetjinga er sterkt konsentrert i dei vestlege delane. I det tidlegare Gjestal, som berre utgjorde 36 prosent av det noverande arealet til kommunen, bur 84 prosent av befolkninga (2019). Her ligg mellom anna administrasjonssenteret Ålgård/Figgjo og Oltedal. I aust er busetjinga stort sett avgrensa til Frafjorddalen, Dirdalen med Gilja og Hunnedalen. I sistnemde dalføre er det ikkje fastbuande, men ein mengde hyttefolk.
Gjesdal ligg innanfor pendlingsområdet til Stavanger/Sandnes og har mellom anna av denne grunn ein relativt sterk befolkningsvekst. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 1,6 prosent årleg mot 1,2 prosent i Rogaland samla sett.
Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Gjesdal. Tettstadene er til saman 5,2 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.
Tettstad | Innbyggjarar | Andel* | Areal |
---|---|---|---|
Ålgård/Figgjo ¹ | 9 658 | 78 % | 4,3 km² |
Oltedal | 1 011 | 8 % | 0,6 km² |
Gilja | 380 | 3 % | 0,3 km² |
Sum | 11 049 | 89 % | 5,2 km² |
* Andelen av innbyggjarane i Gjesdal kommune som bur i tettstaden.
¹ Tettstaden Ålgård/Figgjo omfattar delar av kommunane Gjesdal og Sandnes. Den delen av tettstaden Ålgård/Figgjo som ligg i Gjesdal kommune omfattar 81 % av folketalet og 82 % av arealet i tettstaden.
Næringsliv
I eit historisk perspektiv har landbruk basert på sauehald, saman med ullvareproduksjon og kraftindustri, vore dei viktigaste levevegane i Gjesdal. Tettstadene Ålgård og Oltedal voks opp kring desse næringane. I Gjesdal blir det framleis drive eit høgt utvikla husdyrhald med særleg vekt på saue- og storfe, og i alt fire prosent av arbeidsplassane i kommunen er i primærnæringane. I tillegg til beiteområda i heiene innover mot fylkesgrensa til Agder nyttar sauene i Gjesdal i stor utstrekking òg sommarbeite i Sirdals- og Setesdalsheiene. Staten har saueavlsgard på Bjelland aust for Ålgård.
Rundt 15 prosent av arbeidsplassane i Gjesdal er i industri, 24 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2019). Industrien blir dominert av trelast- og trevareindustri som i 2019 hadde 37 prosent av dei sysselsette i industri, mellom anna Gilje Tre i Dirdalen med produksjon av vindauge. Andre viktige bransjar er (delen av sysselsetjinga i industrien 2019): næringsmiddelindustri (20 prosent), trykking/grafisk industri (14 prosent), gummi-, plast og mineralsk industri (12 prosent) og verkstadsindustri (12 prosent). Medan ullvareproduksjonen i kommunen er historie, er vasskraftproduksjon stadig ei viktig næring. Mange arbeidsplassar er òg knytte til helse og utdanning.
Gjesdal er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Rogaland, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 13 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 184 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Maudal (i drift fra 1930), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Oltedal (1909) og Oltesvik (1935). Lyse Kraft er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen.
I 2019 hadde 63 prosent av Gjesdals busette yrkestakarar arbeid utanfor kommunen, der 57 prosent arbeider i resten av kommunane på Jæren, 16 prosent i Stavanger og 23 prosent i nabokommunen Sandnes.
Samferdsel
Gjennom Gjesdals vestre del (Ålgård) går E39 over Høg-Jæren til Stavanger. Frå Ålgård fører fylkesveg 506 sørvestover til Bryne og fylkesveg 45 nordaustover via Oltedal og Dirdal til Sirdal i Agder. Frå Byrkjedal i Dirdalen går fylkesveg 503 sørover gjennom Gloppedalsura til E39 i Vikeså i Bjerkreim, og frå Oltedal fylkesveg 508 nordover til Høle (i Sandnes) ved Høgsfjorden.
Ålgård hadde i perioden 1924–1955 lokaltogsamband til Stavanger via ei sidelinje frå Ganddal på Jærbanen. Denne var smalspora fram til 1944 då Sørlandsbanen vart fullført. Linja Ganddal–Ålgård har etter 1955 berre vore sporadisk i bruk, men ei opprusting med sikte på gjenopning blir framleis vurdert.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Gjesdal høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Jærrådet saman med Hå, Klepp, Sandnes og Time.
Gjesdal kommune svarer til dei to sokna Gjesdal og Ålgård i Jæren prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Gjesdal til Jæderen og Dalene fogderi i Stavanger amt.
Delområde og grunnkrinsar i Gjesdal
For statistiske formål er Gjesdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 24 grunnkrinsar:
- Ålgård/Bygda: Sentrum, Rettedalen, Solås, Rishagen, Opstad, Berland, Edland, Kodlifjell, Risfjell, Bollestad, Kyllingstad, Gjesdal, Vølstad, Lomeland, Midtfjell
- Oltedal: Oltedal, Oltesvik
- Indre Del: Gilja, Dirdal, Frafjord, Byrkjedal, Maudal, Hunnedalen, Fidjadalen
Historikk og kultur
Det finst fleire kulturminne og museum i Gjesdal som vitnar om dei lange tradisjonane innanfor landbruk og industri.
Gjesdal kyrkje er ein langkyrkje i tre, bygd i 1848 med altertavle frå 1620. Arkitekt er slottsarkitekten Hans Ditlev F. Linstow. Limagarden, som ligg to kilometer sør for Ålgård, er eit gardstun med bygningar frå perioden 1800–1939. Tunet er ein del av Jærmuseet. Oltedal kraftstasjon og Veveriet, som høyrer til De Forenede Uldvarefabrikker, er viktige industriminne. Veveriet husar i dag både bibliotek og kommunestyresal. I Byrkjedal ligg bedrifta Byrkjedalstunet, som er eit gammalt ysteri omgjorde til hotell, serveringsstad og lysstøperi.
I Madlandsheia aust for Ålgård ligg Stavangerområdets næraste vintersportsterreng (opptil 811 meter over havet på Vådlandsknuten). Ved Ålgård ligg Kongeparken, Vestlandets største underhaldningspark og ein av Rogalands største turistattraksjonar.
Lokalavisa i Gjesdal heiter Gjesdalbuen og kjem ut ein gong i veka. Avisa blir redigert på bokmål.
Namn og kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har eit sølvfarga vêrhovud sett framanfrå mot ein blå bakgrunn. Dette speglar sauehald og tekstilproduksjon, som er to viktige sider av næringslivet til kommunen.
Namnet Gjesdal er opphavleg eit gardsnamn, der første ledd truleg har rot i eit elvenamn, av norrønt geysa, 'setje i sterk rørsle, bruse', jamfør nynorsk gøysa, 'strøyme fram, bruse, gå over breddene'.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Alsvik, Jan og Hallvard Nordås: Gjesdal bygdebok, 1989-, to bind
- Arneson, Søren: Gards- og ættesoga for Gjestal, 1939 (Gards- og ættesoge for Gjesdal: personregister, av Jørg Eirik Waula, 1996)
- Mikkelson, Gudtorm, red.: Gjesdal: indre del, 1994–2001, tre bind (bind 2 og 3 (1998–2001) utarbeidet av Jørg Eirik Waula)