ß – tysk «dobbel s» – bokstav – Store norske leksikon (original) (raw)
Dobbel-s (ẞ, ß) er ein latinsk bokstav som berre blir brukt i tysk i Tyskland. Bokstaven ß vert ikkje lenger brukt i Sveits og Liechtenstein, der ein skriv ss i staden.
Faktaboks
Også kjend som
dobbel s, tysk s; tysk: Eszett, scharfes S.
På tysk heiter bokstaven Eszett 's-z' (mest i Midt- og Nord-Tyskland) eller scharfes S 'skarp s' (sør i Tyskland, i Austerrike, Aust-Sveits, Belgia, Sør-Tyrol og resten av det tysktalande området)
Bokstaven ß vart til som ei samanskriving (ligatur) av bokstavane s og z (ſ og ʒ i eldre rettskriving) i gotisk skrift (fraktur) og ss (ſ og s i eldre rettskriving) i antikvaskrift, og må ikkje forvekslast men den greske bokstaven β, minuskel («liten») beta, som står for ein _v_- eller _b_-lyd (høvesvis i moderne gresk, IPA-lydskrift: β og i gamalgresk, IPA-lydskrift: b). Trass i at dei to bokstavane ß (i kursiv: ß) og β liknar på kvarandre, er likskapen berre tilfeldig, og det finst ingen samanheng mellom dei.
Tradisjonelt fanst ß berre som minuskel og hadde ingen majuskelform (versal eller «stor» bokstav). I ord skrivne heilt med versalar nytta ein i staden minuskel ß eller SS, og eventuelt SZ dersom det var fare for forveksling. Majuskelforma ẞ vart offisielt innførd i 2017.
Ein brukar ß til å gje att den ustemde _s_-lyden (IPA-lydskrift: s) etter lang vokal eller diftong.