beta – Store norske leksikon (original) (raw)
Beta er den andre bokstaven i det greske alfabetet, skriven Β, β.
Faktaboks
Innan IT nyttar ein beta om ein førebels versjon eller ein testversjon (ofte den siste testversjonen) før eit program vert lansert, sjå beta-testing (betaversjon).
I det greske talsystemet tyder beta 2. Beta vert òg bruka i tydinga 'den andre i ei ordna rekkje'.
Den greske bokstaven beta er opphavet til den latinske bokstaven B, b og dei kyrilliske bokstavane be (Б, б) og ve (В, в).
Bokstaven β må ikkje forvekslast men den tyske bokstaven ß (Eszett eller scharfes S), som er ei samaskriving (ligatur) av bokstavane s og z (ſ og ʒ i eldre rettskriving). Trass i at dei to bokstavane β og ß (i kursiv: ß ) liknar på kvarandre, er likskapen berre tilfeldig, og det finst ingen samanheng mellom dei.
Beta i nokre vitskapsgreiner
I fysikk nyttar ein beta om ein spesiell type radioaktiv partikkel, stråling, eller om utstyr bruka i samband med ein slik partikkel eller stråling; sjå betastråling.
Innan zoologi vert beta nytta om det nest dominante individet i ei gruppe, det vil seia nummer to i rangordninga, til dømes betahann i motsetnad til alfahann.