Alcatraz Island – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Alcatraz Island

Uttale

ˈælkətræz ˈailənd

Alcatraz Island er ei klippeøy i sørvestlege USA, i San Francisco-bukta utanfor San Francisco. Øya har ei gammal spansk festning som blei brukt av amerikanarane som militærfengsel frå 1859 og fengsel for farlege valdsforbrytarar frå 1933 til 1963.

Alcatraz var okkupert i perioden 1969–1971 av aktivistar frå American Indian Movement (AIM) som protest mot politikken styresmaktene førte overfor urbefolkninga. I 1973 blei Alcatraz opna for publikum av National Park Service.