Byrkjelo – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

330 (SSB, 2023)

Landareal

0,5 km²

Tettstadsnummer

5722 Byrkjelo

Byrkjelo er ein tettstad i Gloppen kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 330 innbyggjarar (2023).

Byrkjelo ligg lengst nord i Votedalen ved vegskiljet mellom E 39 og riksveg 60 som går til høvesvis Sandane og Utvik. Gjennom tettstaden renn Myklebustdalselva som munnar ut i Breimselva lengre sør. Byrkjelo er omgjeve av høge fjell, mellom anna Eggenipa på 1338 meter over havet.

Staden har eit større meieri og ein del småindustri. Idrettsanlegget Byrkjelo stadion er kjend frå internasjonale friidrettsarrangement og som arrangør av NM i 1988, 1999 og 2011.

Byrkjelo.

Byrkjelo.