Casper – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Casper er ein stavevariant av mannsnamnet Kasper, eit persisk namn med tydinga ‘skattemeister’.
Namnet har fleire variantar: Caspar, Casper, Kaspar, Kasper.
Kjende personar med namnet Casper
Eit utval personar med namnet Casper, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Daniel Casper von Lohenstein (1635–1683)
- Casper Oimoen (1906–1995)
- Casper Ruud (1998)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 537 menn i Noreg som hadde Casper som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 90 gutar som fekk namnet Casper.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kasper og Casper slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Kasper og Casper fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000, og dette kan nok sjåast i samanheng med den allmenne interessa for bibelske namn på denne tida. Men truleg har også Kasper – i trekløveret Kasper, Jesper og Jonathan – medverka til populariteten.