persisk – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Også kjend som
persisk dari, pârsi, arabisk farsi
Språkkodar
pes (PES)
pes
I persisk speler kalligrafi og skjønnskrift ei stor rolle. Teksten er eit utdrag frå eit kjent dikt av den iranske poeten Saadi Shirazi.
Persisk er eit språk som tilhøyrer den iranske greina av dei indoeuropeiske språka. Persisk er førstespråket til noko over 46,5 millionar menneske i Iran, det vil seie om lag 53 prosent av innbyggjarane. I tillegg kjem over 3,5 millionar som er spreidde over store delar av verda. Persisk er nasjonalspråk og offisielt språk i Iran.
Persisk har status som klassisk kulturspråk i Sentral- og Sør-Asia og dessutan Tyrkia og speler omtrent same rolle som kjelde til kultur- og framandord for språka i dette området som latin for språka i Vesten.
Endonymet for språket er farsi ﻓﺎﺭﺳﻰ 'persisk. Landet heiter ﺍﻳﺮﺍﻥ Iran eller Jomhuri-ye eslami-ye Iran Den islamske republikken Iran. Irani اﻳﺮﺍﻧﻰ tyder 'iranar', og ﺗﻬﺮﺍﻥ Tehran 'Teheran' er hovudstaden.
Vi nyttar ordet persisk om dei nypersiske variantane i Iran, i motsetnad til dei andre dari i Afghanistan og tadsjikisk i Tadsjikistan. Vi nyttar nypersisk som ei samnemning for tadsjikisk, dari og persisk.
Språkfamilie
Persisk er eit sørvest-iransk språk. Saman med dei indoariske og dei dardiske språka utgjer iransk den indoiranske greina av indoeuropeisk.
Språkhistorie
Ein deler persisk språkhistorie i tre hovudbolkar:
Namn | Tidsrom | Skrift |
---|---|---|
gamalpersisk | cirka 525–300 fvt. | kileskrift |
mellompersisk | cirka 300 fvt.–800 evt. | pahlavi, manikeisk, avestisk |
nypersisk | frå 800 evt. | arabisk |
Den islamske hærtakinga av Persia i 640-åra innleidde ein ny æra i historia til det persiske språket. Det blei lingua franca i den austlege delen av den muslimske verda.
I India blei det offisielt språk, og det blei kulturspråket i mange islamske dynasti, mellom anna i mogulriket (1526–1857), persisk Šāhān-e moɣūl, som styrte over store delar av det indiske subkontinentet.
Standardpersisk er hovudsakleg basert på dialekten i provinsen Pârs (eller Fârs) rundt byen Shirâz i Sør-Iran og har utvikla seg av middelpersisk pahlavi.
Vi nyttar nypersisk som ei samnemning for tadsjikisk, dari og persisk.
Språksystem
Persisk er mellom dei få indoeuropeiske språka som har mist alle spor etter skiljet mellom maskulinum og femininum, og pronomenet ū ﺍﻭ 'ho/han' blir nytta om menneske av begge kjønn.
Eit karakteristisk drag ved persisk – eller nypersisk generelt – er _ezafe_-konstruksjonen:
- ketab-e mæn 'boka mi'
Ketāb (frå arabisk kitāb) 'bok' har den enklitiske _ezāfe_-markøren -e (-ye etter vokal), som blir nytta når substantivet er følgt av eit underordna ledd. Man tyder 'eg'. Vi kan òg ta med adjektivet tāze 'ny:
- ketab-e taze-ye mæn 'den nye boka mi'
Setninga nedanfor viser at persisk er eit SOV-språk: Først kjem subjektet, til slutt kjem verbet, og mellom dei kjem objektet og andre ledd:
Subjekt | Objekt | Adverbial | Verb |
---|---|---|---|
Mærd | pul-ra | be-ma | dad. |
'mann' | 'pengar-akk' | 'til-oss' | 'gav' |
'Mannen gav oss pengane.'
Suffikset -ra viser at objektet er bunde. Det manglar ved ubunde objekt, og mærd pul be-ma dad tyder 'mannen gav oss pengar'.
Lånord
Språket har oppteke store mengder arabiske lånord, men har elles i høg grad bevart den indoeuropeiske utsjånaden sin: madær 'mor', bæradær 'bror', muš 'muss, mur 'maur' etc.
Vi har lånt mange ord frå persisk, mellom anna desse:
Norsk | Persisk | ||
---|---|---|---|
basar | bazar | ﺑﺎﺯﺍﺭ | 'marknad' |
karavane | karvan | ﻛﺎﺭﻭﺍﻥ | 'kameltog', 'reiseselskap' |
sjakk, sjekk | šah | ﺷﺎﻩ | 'konge' |
divan | divan | ﺩﻳﻮﺍﻥ | 'diktsamling', 'kanselli', 'møterom' |
khaki | xaki | ﺧﺎﻛﻰ | 'støvete', 'full av jord' |
tulipan, turban | dolbænd | ﺩﻟﺒﻨﺪ | 'turban' |
Andre eksempel på lånord i norsk frå persisk er sjal, pyjamas, mumie, kårde, paradis, kiosk, sjakk, rokere.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- L.P Elwell-Sutton: Elementary Persian Grammar. Cambridge at the University Press 1963
- John Mace: Persian Grammar. For Reference and Revision. Routledge. Oxford 2002
- Farzad Narguess: Teach Yourself Modern Persian. Teach Yourself Books. London 2004
- Abdorreza Rafiee: Colloquial Persian. The Complete Course for Beginners. Routledge, Oxford 2001