Dombås – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Uttale

dˈombås

Etymologi

truleg av elvenamnet Domba, til norrønt dumbr, ‘stum, mållaus’, og ås.

Innbyggjartal

1145 (SSB, 2023)

Landareal

1,6 km²

Tettstadsnummer

1522 Dombås

Dombås er ein tettstad i Dovre kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1145 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg 210 kilometer sør for Trondheim, 659 meter over havet.

Raumabanen til Åndalsnes tek av frå Dovrebanen på Dombås. E6 går parallelt med Dovrebanen og E136 med Raumabanen. Som trafikknutepunkt har Dombås blitt eit handelssentrum for dei øvste bygdene i Gudbrandsdalen og eit turistsentrum med fleire hotell. I tillegg til allsidig tenesteyting har Dombås noko trevare- og møbelindustri og fabrikk for kjøkkeninnreiing. Heimevernet har skule her.

Avisa Vigga kjem ut på Dombås.

Dombås hotell, eit stort trehotell frå 1917, teikna av Arnstein Arneberg, brente ned i 2007. Under kampane i 1940 vart Dombås bomba fleire gonger. Ein av bygningane som vart treft og totalskadd var stasjonsbygningen, også denne var teikna av Arneberg. Dagens stasjonsbygning er teikna ved NSBs arkitektkontor. Dombås kyrkje er ei krosskyrkje i lokal sandstein frå 1939, teikna av Magnus Poulsson.