Fjord – kommune i Møre og Romsdal – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Administrasjonssenter
Sylte
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
2 492 (2024)
Landareal
1 144 km²
Høgaste fjell
Puttegga (1999 moh.) på grensa til Rauma
Målform
nynorsk
1578
Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke.
Syltefjellet på Sylte i Valldal, Fjord kommune.
Fjord er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg omkring Norddalsfjorden og Tafjorden med fjelltraktene innanfor, begge sider av Storfjorden utanfor Stordal tettstad, og dessutan Stordalen og fjelltraktene omkring på austsida av fjorden.
Som del av den landsomfattande kommunereforma blei Fjord kommune oppretta i 2020 ved samanslåing av dei to tidlegare kommunane Norddal og Stordal.
Fjord grensar etter dette i nordaust og aust til Rauma, i søraust til Skjåk kommune i Innlandet, i sørvest og vest til Stranda, i nordvest til Sykkylven og Ålesund og i nord til Vestnes.
Natur
Berggrunnen i Fjord består av ulike typar gneis av grunnfjellsalder, sterkt påverka av den seinare kaledonske fjellkjedefaldinga. På sørsida av Norddalsfjorden og Tafjorden, innanfor botnen av Tafjord og nedst i Valldalen er det innslag av ultramafiske bergartar (bergartar danna under høgt trykk), mellom anna olivin (dunitt) og eklogitt. På vestsida av Storfjorden har djuperuptiv trengd gjennom gneisen; her finst mellom anna augegneis. Etter at den skandinaviske landblokka blei heva i tertiær, har erosjonskreftene, ikkje minst gjennom istidene, grave langs strok- og brotlinjene i berggrunnen. Dette har resultert i eit forgreina system av djupe dalar og fjordar mellom høge og bratte fjellparti.
Dei viktigaste dalane som skjer seg frå fjorden inn mellom fjella, er Stordalen austover frå Stordalsvika i Storfjorden, Eidsdal og Norddal på sørsida av Norddalsfjorden, Valldalen på nordsida av Norddalsfjorden og dalen med grenda Tafjord ved botnen av Tafjorden. Fjellområda hevar seg mot aust og når 1999 meter over havet på Puttegga (Pyttegga) på grensa til Rauma i søraust, det høgaste fjellet i fylket. 78 prosent av arealet i Fjord kommune ligg meir enn 600 meter over havet.
Busetjing
Busetjinga i Fjord er i vesentleg grad konsentrert til fjordsidene og munningen og dei nedre delane av dei store dalføra. Av innbyggjarane i kommunen bur ein tredel prosent i den nedre delen av Stordalen, med tettstaden Stordal ved utløpet av Stordalselva. Dei store fjellstrekningane som utgjer dei nordre, søre og ikkje minst austre delane av kommunen, likeins vestbreidda av Storfjorden, er aude.
Folketalet i Fjord har vist nedgang i lang tid og var 27 prosent lågare i 2019 (2592 innbyggjarar) enn i 1946 (3530 innbyggjarar). I tiårsperioden 2009–2019 viste folkemengda ein gjennomsnittleg årleg nedgang på 0,7 prosent, mot ein vekst på gjennomsnittleg 0,7 prosent årleg for fylket samla sett.
Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Stordal med 585 innbyggjarar (2023). 23 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,8 km².
Næringsliv
Jordbruket har mykje å seie, særleg i tidlegare Norddal kommune, og primærnæringane omfattar vel tolv prosent av arbeidsplassane i Fjord (2019). Jordbruket er basert på eit variert husdyrhald, særleg av storfe, sau og geit, og det blir drive mykje hagebruk. Klimaet er til dømes veleigna for frukt- og bærdyrking fleire stader i kommunen, og det blir drive mykje jordbærdyrking.
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon den viktigaste næringa i Fjord målt etter sysselsetjing. Denne næringa har 17 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 22 prosent inkludert industri og bergverk (2019). I industrien er møbel- og næringsmiddelindustrien dei viktigaste bransjane med høvesvis 53 og 23 prosent av sysselsetjinga i industrien (2019). Sistnemnde er basert på mellom anna ei stor foredling av bær i Valldal. Annan industri er stort sett verkstadindustri.
Kommunen har stor turisttrafikk, og dette blir spegla i at varehandel og overnattings- og serveringsverksemd har 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Turisttrafikken er særleg stor om sommaren, og det finst ei rekkje turistanlegg i kommunen. Valldalselva har eit godt laksefiske. Stordal Alpinsenter ligg på Overøye inne i Stordalen.
Ved munningen av Valldalselva ligg Muritunet, eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta med tilbod til pasientar med ortopediske inngrep, revmatiske og nevrologiske tilstandar, lettare grad av hjerneslag, slitasjesjukdommar og -skadar, kroniske smerter og hjarte- og lungesjukdommar.
Fjord er kommunen med nest størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 14 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1201 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Tafjord 4 (i drift fra 1968), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Tafjord 5 (1982) og Tafjord 2 (1952). Tafjord Kraftproduksjon er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Av dei yrkesaktive som var busette i Fjord kommune i 2019, hadde 29 prosent arbeid utanfor kommunen. Ni prosent arbeidde i Ålesund, seks prosent i Stranda og i alt sju prosent i andre kommunar på Sunnmøre.
Samferdsle
Fylkesveg 63 fører frå Åndalsnes over fjellet og ned Valldalen (Trollstigvegen) og ut langs Norddalsfjorden til Linge ferjeleie vest for kommunesenteret Sylte. Vegen held fram frå Eidsdal på sørsida av Norddalsfjorden over fjellet til Geiranger (Ørnevegen), deretter opp til Langefonn på riksveg 15 (Strynefjellsvegen Otta–Stryn–Måløy). Trollstigvegen, som er nasjonal turistveg, er vinterstengd. Frå Sylte fører fylkesveg 5928 innover langs Norddalsfjorden via Fjørå til Tafjord.
Frå Linge på fylkesveg 63 fører fylkesveg 650 vidare utover langs Norddalsfjorden og Storfjorden til Liabygda i Stranda og vidare via Stordalen og Rødsetdalen til Stordal, den einaste tettstaden i kommunen. Herfrå held fylkesveg 650 fram langs fjorden til Sjøholt, der E39 går vidare til Ålesund. Ferjeleiet Gravaneset i Liabygda har ferje over Storfjorden til Stranda tettstad (fylkesveg 60).
Historikk og kultur
Ytste Skotet, som er ein fjellgard 225 meter over havet på den vestre og i dag aude sida av Storfjorden, har eit komplett gardstun og eit velhalde kulturlandskap med røter tusen år tilbake i tid. I Valldal kan ein sjå sikksakkstripa i fjellet som ifølgje overleveringa skal vere «sjøormen» som Olav den heilage kasta i fjellveggen. Sikksakkstripa er ei stripe kvarts i gneisveggen.
Stordal gamle kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1789, kalla «Rosekyrkja» på grunn av den rike innvendige dekoren. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen og utgjer ein del av Stordal bygdetun. Her blir det halde årlege kulturarrangement, «Kyrkjehola kulturbeite». Norddal kyrkje er ei åttekanta tømmerkyrkje i barokkstil, bygd i 1782. Sylte kyrkje i Valldal er ei tømra langkyrkje i empirestil, bygd i 1863.
Steinraset i Tafjord i 1934 er blant dei største naturkatastrofane her i landet. Raset forårsaka flodbølgjer i fjorden som kravde 40 menneskeliv i sjølve Tafjord og i Fjørå lenger ute ved fjorden.
I Sylte kjem avisa Storfjordnytt ut éin gong i veka.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Fjord kommune høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.
Fjord kommune svarer til dei to sokna Stordal og Norddal i Nordre Sunnmøre prosti (Møre bispedøme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Fjord til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.
Delområde og grunnkrinsar i Fjord
For statistiske føremål er Fjord kommune delt inn i to delområde med til saman 22 grunnkrinsar:
Stordal: Dyrkorn, Skotet, Stordal sentrum, Midtbust og Moe.
Norddal: Muri, Sylte, Uri, Gjerde, Alstad, Fjørå, Tafjord, Dalsbygda, Eide, Rønneberg, Ytterdal, Høgstolen, Langfjelldalen, Breidfjellet, Neskopptindane, Illstigfjellet og Svartegga.
Av grunnkrinsane utgjer Skotet i delområde Stordal og dei seks sistnemnde grunnkrinsane i delområde Norddal aude fjelltrakter.
Namn og kommunevåpen
Fjord er vald som namn på den nye kommunen sjølv om Språkrådet frårådde namnet, sidan det ikkje er eit stadnamn. Namnet har samanheng med plasseringa, då begge dei tidlegare kommunane er typiske fjordkommunar.
Kommunevåpenet godkjent i 2019, viser fjordlandskapet med vatn og himmel med landskapet i kvitt mot blå himmel og fjord.