Grunnlova – Store norske leksikon (original) (raw)

Grunnloven

Plakat av Grunnlova av 1814, trykt i 1827.

Grunnlova er den øvste lova i Noreg, og inneheld dei sentrale reglane for statsstyringa, dei øvste statsorgana (Kongen og regjeringa, Stortinget og Høgsterett) og grensene for statens makt overfor innbyggjarane.

Faktaboks

Fullt namn

Kongeriket Norges Grunnlov, gitt i riksforsamlingen på Eidsvoll den 17. mai 1814, slik den lyder etter senere endringer; Kongeriket Noregs Grunnlov, gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814, slik ho lyder etter seinare endringar.

Kortnamn

Grunnloven, Grunnlova

Forkorting

Grl.

Vedteken

17.5.1814

Lovdata-ID

NL/lov/1814-05-17

Grunnlova vart vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll 16. mai 1814, og datert og underskriven 17. mai 1814. Grunnlova var det sentrale dokumentet ved etableringa av Noreg som sjølvstendig stat i 1814. Grunnlova er altså årsak til at vi feirar 17. mai som nasjonaldag.

Grunnlovas funksjon

Grunnlova er det grunnleggjande rettslege grunnlaget for den norske staten og statsmaktene. Grunnlova har fleire funksjonar:

Grunnlova fordeler statsmakta på ulike organ i samsvar med maktfordelingsprinsippet og er den lova dei øvste statsmaktene utleier makta si frå:

Grunnlova bestemmer formene for utøvinga av visse typar offentleg makt, til dømes korleis Stortinget skal gå fram for å vedta ei lov og korleis regjeringen treff avgjerder i statsråd.

Grunnlova bestemmer korleis statsmaktene skal setjast saman og organiserast. I Grunnlova finn vi sentrale reglar om stortingsval, om kongen som statssjef, og om regjeringsskifte.

Menneskerettane i Grunnlova set grenser for statens makt overfor innbyggjarane.

Grunnlova er øvste rettskjelde

Grunnlova står over dei andre rettskjeldene i det norske rettssystemet. Grunnlova står over formelle lover, som står over forskrifter. Om ei lov eller forskrift er i strid med Grunnlova, så er det Grunnlova som går føre. Systemet med at rettskjeldene er rangert etter nivå blir kalla trinnhøgdeprinsippet.

Grunnlova bestemmer at Stortinget vedtar lover og korleis Stortinget skal gå fram for å vedta ei ny lov. Dette er bestemt i Grunnlova § 76.

Grunnlova bestemmer at domstolane i enkeltsaker kontrollerer at lover og forvaltningsvedtak er i samsvar med Grunnlova. Dette blir kalla prøvingsrett, og er bestemt i Grunnlova § 89.

Stortinget som lovgjevar og regjeringa som leiar for forvaltninga har òg eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at vedtak, avgjerder og handlingar er i samsvar med Grunnlova. Til dømes vil både regjeringa og Stortinget i samband med lovforslag undersøke om føreslåtte lovføresegner er i samsvar med menneskerettar verna i Grunnlova.

Grunnlova gjev ordningane og rettane der eit særleg sterkt vern mot endring. Dette fordi Grunnlova er vanskelegare å endre enn vanlege lover.

Idégrunnlaget til Grunnlova

Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814

Riksforsamlinga på Eidsvoll i mai 1814. Måleriet førestiller Christian Magnus Falsen som les opp Grunnlova for forsamlinga. Falsen var ein av hovudforfattarane av 17. mai-grunnlova, og har difor fått tilnamnet «Grunnlovas far».

Grunnlova vart utforma og vedteken av Riksforsamlinga, som var ei folkevald grunnlovsgjevande forsamling og møtte på Eidsvoll mellom 10. april og 17. mai 1814.

I arbeidet med Grunnlova var Riksforsamlinga inspirert av idear om folkesuverenitet, maktfordeling og menneskerettar frå opplysningstida og revolusjonane i Nord-Amerika og Frankrike på slutten av 1700-talet.

Riksforsamlinga fann inspirasjon til konkrete føresegner i ei rekke utenlandske grunnlover, i fyrste rekke den franske grunnlova frå 1791, den amerikanske grunnlova frå 1787 og den svenske grunnlova frå 1809.

I tillegg hadde grunnlovsfedrene nytte av private grunnlovsforslag som var sendt inn til eller tekne med til Riksforsamlinga. Nokre av desse grunnlovsutkasta ville vidareføre eineveldet, men dei fekk lita støtte. Grunnlovsutkastet til Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler var den viktigaste direkte kjelda til Grunnlova, men var sjølv påverka av franske og amerikanske grunnlover og menneskerettserklæringar (Adler-Falsenske grunnlovsutkast).

Innhaldet i Grunnlova

Grunnlova har 121 paragrafar (110 med tekst) og er delt inn i seks kapittel.

Kapittel A: Om statsforma

Regjeringen Støre

Grunnlova slår fast at Noreg er eit eige rike og at det er eit arveleg monarki. I Grunnlova står det om samansettinga av regjeringa og om tilhøvet mellom Kongen og regjeringa. På biletet er Kongen i statsråd på Slottet dagen då Regjeringa Støre tiltredde. Både HM Kong Harald og HKH Kronprins Haakon deltok i statsrådet.

Kapittel A om statsforma har berre to paragrafar.

Kapittel B: Om den utøvende makta

Kapittel B om den utøvende makta inneheld reglar om utnemning og samansetjing av regjeringa, om tilhøvet mellom kongen som statssjef og regjeringa, om regjeringas einekompetansar (prerogativ) og nokre sentrale saksbehandlingsreglar. Dette kapittelet inneheld også reglar om kongens person og monarkiet.

Kapittel C: Om borgarretten og den lovgjevende makta

Stortingsbygningen i Oslo. En gammel bygning med buede vinduer og en rund form midt på. Foran bygningen er en plass med gangveier og gressplener med busker. Foto

Grunnlova har reglar for val til Stortinget og for makta til Stortinget. Her står det kven som har stemmerett, at det er val kvart fjerde år, at det er 169 representantar og det står om sperregrensa. Det står at det er Stortinget som vedtek lover, fastset skattar og vedtek statsbudsjettet.

Kapittel C om borgarretten og den lovgjevande makta inneheld reglar om stemmerett, kven som kan stille til val og valordning for stortingsval.

I dette kapittelet finn vi også reglar om organiseringa av Stortinget og reglar som gjev Stortinget kompetanse til å gje lover, vedta budsjett og løyve (bevilge) pengar og til å føre kontroll med regjeringa. Viktige kontrollreglar er Stortingets innsynsrett i dokumenta til regjeringa og forvaltninga i § 75 f og regjeringas opplysningsplikt overfor Stortinget i § 82.

Kapittel D: Om den dømande makta

Dommerne i Høyesterett 2020

Grunnlova bestemmer at Høgsterett dømer i siste instans. Rettssaker som blir anka frå tingretten og lagretten får ei endeleg avgjerd her. Det er dermed domstolane, og ikkje Stortinget eller regjeringa, som skal løyse konfliktar i samfunnet. Grunnlova bestemmer òg at domstolane skal sjå til at lover og dommar ikkje er i strid med Grunnlova.

Kapittel D om den dømande makta inneheld regler om Høgsterett i § 88, 90 og 91. Grunnlovas regulering av den dømande makta er knapp, men har viktige konsekvensar. Grunnlova bestemmer at Høgsterett dømer i siste instans (Grunnlova § 88). Dommar som blir anka frå tingretten og lagmannsretten får ei endeleg avgjerd her. Det er dermed domstolane, og ikkje Stortinget eller regjeringa, som skal løyse rettslege tvistar i samfunnet. Stortinget har i lov gjeve utfyllande reglar om organiseringa og administrasjonen av domstolane og om dommarar (domstolslova).

Kapittelet har òg reglar om særdomstolen Riksretten, som dømer i saker om konstitusjonelt ansvar for medlemmer av regjeringa, Stortinget og Høgsterett (Grunnlova § 86 og 87).

§ 89 har ei viktig føresegn (bestemmelse) om at alle norske domstolar har rett og plikt til å kontrollere om lovene til Stortinget er i samsvar med Grunnlova og om maktutøvinga til regjeringa og forvaltninga er innanfor grensene bestemt i Grunnlova og i lov.

Kapittel E: Om menneskerettar

Natur og ungdom demonstrerer mot oljeleiting i Lofoten

Grunnlova har eit eige kapittel om menneskerettar. Her står prinsippet om barns beste, sameparagrafen og at alle er like for lova. Ytringsfridomen § 100 er ein av dei mest kjende paragrafane i dette kapittelet. Ytringsfridom er fridomen til å gje uttrykk for det ein meiner og ønsker å seie noko om. Ytringsfridomen omfattar òg fridomen til å ta til oss det andre seier og har tenkt. På biletet demonstrerer organisasjonen Natur og Ungdom.

Kapittel E om menneskerettar kom inn i Grunnlova i 2014 etter forslag frå Menneskerettsutvalet oppnemnt av Stortinget i 2009. I dette kapittelet finn vi ein omfattande katalog av menneskerettar som er utforma etter mønster frå internasjonale menneskerettskonvensjonar, i fyrste rekke Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Inntil 2014 var menneskerettsvernet i Grunnlova avgrensa til:

Ved revisjonen i 2014 vart Grunnlovas menneskerettskatalog utvida med ei rekkje nye rettar. Utvidinga omfatta både klassiske sivile og politiske rettar og nyare rettar, som retten til utdanning og prinsippet om barnets beste.

Høgsterett har i flere dommar slått fast at menneskerettane i Grunnlova så langt som mogleg skal tolkast i lys av tilsvarande føresegner i dei internasjonale førebileta. Det betyr at innhaldet i Grunnlovas menneskerettar er i utvikling som følgje av rettspraksis frå Høgsterett og internasjonale handhevingsorgan, i fyrste rekke Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Kapittel F: Om allmenne føresegner

Kapittel F om allmenne føresegner inneheld eldre og nyare føresegner om ulike emne. Dette er føresegner om:

Regulering av statsmaktene og av statsborgarrettar i andre lover

Grunnlova gjev ikkje, og har heller aldri gjeve ei fullstendig rettsleg regulering av dei øvste statsmaktene eller innbyggjaranes rettar overfor staten. Til dømes finn vi utfyllande reglar om stortingsval i vallova av 2002, medan reglar om registrering og finansiering av politiske parti finst i partilova av 2005. Utfyllande reglar om organiseringa og saksbehandlinga i Stortinget finst i Stortingets forretningsorden, som blir oppdatert regelmessig. Fullmaktene til regjeringa, organiseringa av offentleg forvaltning og saksbehandlingsreglar er inngåande regulert i ei stor mengde lover. I dag må vi også sjå reglane i Grunnlova i samanheng med Noregs folkerettslege plikter, og ei rekke folkerettslege avtaler er i dag gjort til norsk lov. Særleg har Den europeiske menneskerettskonvensjonen og EØS-avtalen med tilhøyrande avtaler stor påverknad på korleis Stortinget, regjeringa og domstolane utøver kompetansane Grunnlova gjev dei.

Brot på Grunnlova

Regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar og høgsterettsdommarar kan etter Grunnlova § 86 haldast ansvarlege for brot på konstitusjonelle plikter av Riksretten, som kan døme til erstatning eller straff. For privatpersonar gjev straffelova særskilte reglar om straff for åtak med føremål å endre ordningar etablert i Grunnlova, til dømes oppløyse Stortinget eller avsetje regjeringa, eller hindre statsmaktene i å utøve sine konstitusjonelle funksjonar.

Grunnlovsendringar

Grunnlova gjev i § 121 reglar om grunnlovsendring. Vilkåra for å endre Grunnlova er strengare enn for andre lover. Grunnlovsendringar krev større fleirtal, lenger tid og fleire aktørar.

Stortingsrepresentantar og regjeringa kan føreslå grunnlovsendringar. I motsetnad til for vanlege lover er det likevel sjeldan at regjeringa føreslår grunnlovsendringar. Det er heller ikkje vanleg at heile partigrupper på Stortinget står bak grunnlovsforslag. Det vanlege er at forslag til grunnlovsendringar blir sette fram av enkeltrepresentantar eller ei gruppe stortingsrepresentantar frå same eller fleire parti.

For grunnlovsvedtak må Stortinget gjere vedtak med to tredjedels fleirtal og minst to tredjedelar av stortingsrepresentantane må vere til stades. For å vedta eller endre vanlege lover er det tilstrekkeleg at Stortinget gjer vedtak med vanleg fleirtal og at helvta av representantene er til stades.

Eit grunnlovsforslag kan ikkje vedtakast i den stortingsvalperioden det er sett fram i. Grunnlovsforslag kan heller ikkje setjast fram eller vedtakast i den siste stortingssesjonen før eit stortingsval. Det betyr at eit grunnlovsforslag kan vedtakast tidlegast eitt år og seinast seks år etter at det vart sett fram. Vanlege lover kan Stortinget vedta eller endre når som helst. Det einaste kravet Grunnlova stiller er at Stortinget må behandle lovvedtak to gonger med minst tre dagar i mellom (§ 76).

Eit grunnlovsforslag blir vedteke eller forkasta av det neste valde stortinget. Det er altså ikkje sikkert at dei stortingsrepresentantane som har sett fram grunnlovsforslag skal vere med å vedta eller forkaste dei. I stortingsvalet kan òg styrkeforholdet mellom partia bli endra. Føremålet med å skilje forslag og vedtak er å gje veljarane høve til å påverke grunnlovsendringer gjennom å stemme på parti og kandidatar etter kva dei meiner om grunnlovsforslaga. I praksis er det likevel sjeldan at grunnlovsforslag blir nemnde i stortingsvalprogramma til partia og enno sjeldnare at dei vert tema i valkampen.

Stortinget kan ikkje gjere endringar i teksten til grunnlovsforslag, men berre vedta eller forkaste dei. Difor vert grunnlovsforslag ofte sette fram i mange alternativ.

Grunnlovsvedtaka til Stortinget skal ikkje sanksjonerast av Kongen, i motsetnad til lovvedtak.

Prosedyren for grunnlovsendringar i § 121 gjeld berre for endringar i grunnlovsteksten. I praksis kan innhaldet i grunnlovsføresegner i nokon grad endrast gjennom tolking eller fråvikast mellombels på grunnlag av konstitusjonell naudrett.

Forbod mot å endre «prinsippa» og «ånda» i Grunnlova

Etter ordlyden i § 121 kan ikkje grunnlovsendringar «stri mot prinsippa» eller endre «ånda» i Grunnlova. Mange grunnlover inneheld forbod mot å endre bestemte føresegner eller prinsipp. Rekkevidda av forbodet mot å endre prinsippa og ånda i Grunnlova er derimot usikker, då Grunnlova ikkje seier kva prinsipp som ikkje kan endrast. Dei fyrste tiåra etter 1814 brukte Stortinget endringsforbodet til å hindre grunnlovsendringar føreslått av unionskongen og som innskrenka makta til Stortinget. I moderne tid har endringsforbodet spelt lita praktisk rolle.

Grunnlovsendring i Noreg samanlikna med andre land

Sidan 1814 har Grunnlova blitt endra meir enn 300 gongar. Berre eit fåtal av grunnlovsparagrafane i dag er uendra sidan 1814. Dei fleste paragrafane har blitt endra ein eller fleire gongar. I tillegg har ei rekke paragrafar blitt oppheva og nye har kome til.

Samanlikna med grunnlover i andre land, er den norske grunnlova ikkje spesielt vanskeleg å endre. Til vanleg vedtek Stortinget ei eller fleire grunnlovsendringar i kvar stortingsvalperiode. Det varierer mykje kor ofte grunnlover vert endra og kva vilkår som vert stilt til grunnlovsendring. Den eldste grunnlova som framleis er i kraft, den amerikanske grunnlova av 1787, har berre blitt endra 27 gongar.

I andre land er det ikkje uvanleg at folket må godkjenne grunnlovsendringar i folkerøysting. Til samanlikning er den danske grunnlova spesielt vanskeleg å endre og har ikkje blitt endra sidan 1953. Dersom det danske folketinget vedtek ei grunnlovsendring, må regjeringa oppløyse parlamentet og lyse ut nyval. Dersom det nyvalde folketinget også vedtek grunnlovsendringa, må den godkjennast i ei folkerøysting. I Noreg vart det på fyrste halvdel av 1900-talet diskutert å innføre krav om folkerøysting ved grunnlovsendringar, men forslaga fekk ikkje fleirtal.

Grunnlovsendring og folkesuverenitet

Historisk har grunnlovsendring blitt forstått som ei suverenitetshandling. Folkets rett til å bestemme styreforma si og grensene for statens makt overfor individet, var i tida rundt 1814 og i dag rekna som ein viktig del av folkesuverenitetsprinsippet. I Grunnlova kjem folkesuverenitetsprinsippet til uttrykk ved at berre Stortinget kan vedta grunnlovsendringar og berre etter at folket er «høyrt» i eit stortingsval.

Sjølv om regjeringa kan føreslå grunnlovsendringar, er det Stortinget åleine som vedtek dei. Under vetostriden mellom 1880 og 1884 freista kongen å påverke grunnlovsendringane ved å hevde at Grunnlova gav han vetorett i grunnlovssaker. Stortingsfleirtalet meinte at ein slik vetorett for kongen ville vere i strid med folkesuverenitetsprinsippet Grunnlova bygde på. I 1884 avviste Riksretten at kongen hadde vetorett overfor grunnlovsendringar. I 1913 vart § 121 endra, slik at ordlyden no utelukkar at kongen kan hindre grunnlovsendringar.

Språket i Grunnlova

Sidan 2014 finst Grunnlova på bokmål og nynorsk som jamstelte språkversjonar.

Språket i Grunnlova har endra seg over tid. Grunnlova frå 1814 var skriven på dansk. I 1903 gjorde Stortinget ein varsam revisjon av grunnlovsspråket, slik at det samsvarte med konservativt sakprosaspråk på slutten av 1800-talet. Fram til 2014 vart også nye grunnlovsforslag skrivne etter språknorma frå 1903. I mellomtida hadde norsk skriftspråk endra seg mykje. Etter kvart vart det gammaldagse grunnlovsspråket vanskeleg å lese for dei fleste. For stortingsrepresentantar var det krevjande å utforme grunnlovsforslag etter ei gammal og utdatert språknorm utan hjelp frå spesialistar.

I 2012 oppretta presidentskapet på Stortinget eit utval for å utarbeide nye språkversjonar på moderne bokmål og nynorsk utan å endre på innhaldet i Grunnlova. Same år leverte Grunnlovsspråkutvalet ein rapport med forslag til nye grunnlovstekstar, som formelt vart sett fram av ei tverrpolitisk gruppe stortingsrepresentantar. Då grunnlovsforslaget vart behandla av Stortinget våren 2014, var det brei semje om behovet for å modernisere språket i Grunnlova. Fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen uttalte at språkrevisjonen var eit demokratiseringsprosjekt som skulle føre Grunnlova tilbake til folket.

Sjølv om det var semje om at grunnlovsspråket måtte moderniserast, var det politisk usemje om kva språknorm bokmålsversjonen skulle følgje. Grunnlovsspråkutvalet hadde føreslått ein grunnlovstekst på moderne administrativt-juridisk bokmål. Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti ville derimot ha ein meir konservativ språkvariant på bokmål. Sidan grunnlovsendringar krev 2/3 fleirtal, var det ikkje tilstrekkeleg fleirtal for bokmålsversjonen til Grunnlovsspråkutvalet. Resultatet vart at Stortinget 6. mai 2014 vedtok Grunnlovsspråkutvalets nynorskversjon og ein meir konservativ boksmålsversjon som hadde blitt føreslått separat.

Grunnlovsspråkutvalet hadde utarbeidd bokmåls- og nynorskversjonar med felles struktur og med modernisert terminologi. Bokmålsversjonen Stortinget vedtok, var derimot modernisert i mindre grad.

Konsekvensen er at det no er visse skilnader i struktur og terminologi mellom nynorsk- og bokmålsversjonen. Til dømes sa Grunnlova § 26 fram til 2014 at kongen kunne «indgaa og ophæve Forbund». Bokmålsversjonen nyttar framleis omgrepet «forbund», medan nynorskversjonen nyttar «folkerettslege avtaler», som er det vanlege omgrepet i dag. Eit anna døme er § 100, som inntil 2014 sa at «Ytringdfrihed bør finde sted». I 1800-talets juridiske språk vart «bør» forstått som eit påbod. Bokmålsversjonen nyttar framleis «bør», som i dagens juridiske språk er misvisande. Her er nynorskversjonen meir juridisk presis når den seier at «Ytringsfridom skal det vere».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (15)