Han Shui – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Han Shui
汉江, Hanjiang
汉水, Hanshui
Han Shui er ei elv i Kina, og den største bielva til Chang Jiang. Elva startar i det sørvestlege Shaanxi, og renn austover mellom Qinling- og Dabafjellkjedene inn i Hubeiprovinsen, kor ho munnar ut i Chang Jiang ved byen Wuhan. Elva er 1705 kilometer lang.
Store regulerings- og flomsikringsarbeid er utført etter 1949. Elvesletta er intensivt dyrka og tett busett. Handalen har vore innfallsveg for erobrarar frå vest, blant anna mongolane.