Chang Jiang – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Chang Jiang

Chang jiang, etter kinesisk Cháng Jiāng 长江

Yangzi (tidlegare Yangtze), frå kinesisk Yángzǐ Jiāng 扬子江

Etymologi

«Den lange elva»

Fuling

Chang Jiang og bielva Wu møtest ved Fuling i Sichuan.

Chang Jiang

Chang Jiang er den tredje lengste elva i verda etter Amazonas og Nilen, og den tredje mest vassrike etter Amazonas og Kongoelva. I dei øvre delane av elva blir ho kalla Jinsha Jiang. Nedbørsfeltet (vist i lyseraudt) dekkjer 1 959 000 kvadratkilometer.

Changjiang

Changjiang er den tredje lengste elva i verda etter Amazonas og Nilen

Changjiang

Chang Jiang svingar 180 grader frå sør til nord ved Shigu i provinsen Yunnan.

Chang Jiang er den lengste og mest vassrike elva i Kina, cirka 6300 kilometer lang. Chang Jiang er den tredje lengste elva i verda etter Amazonas og Nilen, og ho er verdas tredje mest vassrike elv etter Amazonas og Kongoelva.

I øvre delar er elva blir ho kalla Jinsha Jiang, og aller øvst Tongtian He, der ho spring ut i provinsen Qinghai nær grensa mot Tibet. Med dei mange sideelvane sine dannar Chang Jiang eit vidstrekt elvesystem som renn gjennom det sentrale Kina før ho munnar ut i Aust-Kina-havet nær Shanghai. Nedbørfeltet dekkjer 1 959 000 kvadratkilometer.

Plassering

Chang Jiang-bassenget ligg i ein subtropisk region med mykje nedbør i dei øvre og midtre delane. Nedbørsfeltet er dobbelt så stort som nedbørsfeltet til den andre store elva i Kina, Huangelva, men Chang Jiang har 18 gonger større vassføring enn Huangelva. Ved utløpet er vassføringa i gjennomsnitt 34 000 kubikkmeter i sekundet. Chang Jiang-bassenget er eit rikt jordbruksområde med ei befolkning på nær 400 millionar menneske, og blir ofte kalla «den gylne vassvegen».

Chang Jiangs kjelder ligg i Tanggula Shan, ei fjellkjede på det tibetanske høgfjellsplatået, på ca. 33 grader nordleg breidd og 91 grader austleg lengd og nesten 5000 meter over havet. Under namnet Tongtian renn elva austover gjennom Qinghai, deretter søraustover under namnet Jinsha Jiang gjennom djupe kløfter og dels som grenseelv mellom Sichuan, Tibet og Yunnan. Elva går dels gjennom Yunnan, der ho når sitt sørlegaste punkt på ca. 26 grader nordleg breidde og 102 grader austleg lengd, før ho bøyer nordaustover mot Yibin. Der møter ho Min-elva og får namnet Chang Jiang. Chang Jiang renn så tvers over «Det raude bekkenet» i Sichuan, som ho forlèt gjennom djupe og bratte kløfter (Sanxia, «Tre kløfter») mellom Chongqing og Yichang. Nedanfor Yichang renn Chang Jiang ut på det store slettelandet i Mellom-Kina. Hovudretninga er no austleg, og elva munnar ut i Aust-Kina-havet på ca. 33 grader nordleg breidd, 30 kilometer nord for Shanghai. Elva, som er ca. 30–40 kilometer brei ved munningen, dannar her eit stort delta-område der det blir dyrka ris. I alt renn elva gjennom 10 provinsar.

Kraftproduksjon

Three Gorges dam, 19.12.2008

Gigantiske sluser ved Tre kløfter-dammen i Kina slepper store fraktskip vidare oppover elva, som framleis er ei viktig ferdselsåre innover i Kina.

Dei største fallstrekningane er i Jinsha-delen av elva, det vil seia der ho renn langs grensa av, eller gjennom, Yunnan. Her er det tolv kraftstasjonar på til saman 41 000 MW stasjonsyting med ein årsproduksjon på ca. 200 TWh (milliardar kWh). I tillegg blir det produsert kraft i bielvane, som Ertan kraftstasjon i Yalong-elva.

Det største og kraftigaste vasskraftanlegget i verda, Tre kløfter-demningen (Sanxia, «Tre kløfter»), har blitt bygd ved Sandouping ovanfor Yichang i Hubei, og har ein kapasitet på 22 500 MW. Dammen er meint å redusera skadeverknadene av dei hyppige flaumane i området og dessutan bidra med kraft til den økonomiske utviklinga av det sentrale Kina. Vasskrafta gir rein fornybar energi til Kina, der luftforureininga på grunn av kolfyrte varmekraftverk er blant dei mest alvorlege i verda.

Dammen blir likevel også rekna for å ha gitt enorme forstyrringar og uopprettelege skadar på miljøet. Prosjektet er av enkelte miljøvernorganisasjonar kalla for det mest øydeleggjande vasskraftutbyggingsprosjektet i historia sett frå eit sosialt og miljømessig synspunkt. Vassmagasinet strekkjer seg 550 kilometer oppover elva, heilt til Chongqing by. 13 store byar, 140 mindre byar og over 1300 landsbyar er lagde under vatn, og over 1,5 millionar menneske måtte flyttast til nye heimar. Det blir også rekna med at miljøgifter frå talrike gamle fabrikkar og gruver vil samla seg i vassmagasinet og utgjera ein fare for både dyreliv (mellom anna delfinar) og menneske som lever av elva.

Viktige bielvar

I låglandet verkar store innsjøar, mellom anna Dongting Hu og Poyang Hu, som naturlege reguleringsmagasin.

Samferdsel og næringsliv

Chang Jiang er den viktigaste innanlandske ferdselsåra i Kina. Elvedalen er rik på naturresursar, og langs elva ligg nokre av dei viktigaste industristadene i Kina: Chongqing, Wuhan, Nanjing og Shanghai. Elva er farande for havgåande fartøy opp til Wuhan, omkring 1000 kilometer frå kysten, og for mindre båtar til Yichang, 600 kilometer til lenger opp. Elvebåtar kan gå heilt opp til Yibin. Etter ferdigstillinga av Sanxia-demningen kan båtar på opptil 10 000 tonn nå Chongqing. Chang Jiang-bassenget er det kinesiske kornkammeret og bidreg med nesten halvparten av jordbruksproduksjonen i landet, inkludert om lag 70 prosent av rishausten.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)