Hans Aarnes – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Hans Aarnes
Hans Daniel Kristenson Aarnes
Fødd
6. mai 1886, Vatne i Haram, Møre og Romsdal
Død
25. oktober 1960, Oslo
Verke
Forfattar, pressemann og publisist
Familie
Foreldre: Bonde Kristen Nilsson Aarnes (1850–1934) og Marta Kristensdotter Vestre (1859–1946).
Gift 1913 med Gina Villesvik (13.9.1887–6.3.1977), dotter til bonde Jørgen Villesvik (1853–1940) og Anna Austgulen (1854–1991).
Hans Aarnes var ein norsk journalist, forleggjar og målmann. Han var ein av dei store publisistane og gründerane innanfor nynorsk skriftkultur, med sterk vilje til å spreie kunnskapar og stor evne til å byggje opp nye medieverksemder. Gjennom 50 år skreiv, redigerte og publiserte han aviser, blad og bøker i Molde, Ålesund, Bergen, Kristiansand, Skien og Oslo. Utgivingsstadene vitnar om ein mann som heile tida var undervegs mot nye tiltak.
Journalist og redaktør
Aarnes tok kystskippareksamen i 1904 og arbeidde nokre år som fiskar, sjømann og handelsmann før han blei nynorsk bladmann. Det første han publiserte, var skodespelet Sundagskveld. Seinare kom fleire skjønnlitterære skrifter. Dei var nok det minst viktige han skreiv. Han var redaktør eller redaksjonssekretær i 7 blad og aviser: Aarvak (Ålesund 1909–1911), Norig (Skien 1911–1913), Hardanger (Odda 1913–1916), Gula Tidend (Bergen 1916–1920), Bondebladet (Bergen 1921–1923), Agder Tidend (Kristiansand 1923–1932) og Nynorsk Vekeblad (Oslo 1934–1942).
Aarnes var redaktøren som ville lære andre journalistikk. Etter eit halvt års studietur for å sjå på journalistutdanningane ved universitet i USA sette han i gang Bladmannaskulen 1919. Denne første journalistutdanninga i Noreg var vanleg skule i to år før det av økonomiske grunnar blei brevskule. Kunnskapane frå skulen spreidde han også i ei rekkje små handbøker om journalistikk og avisutgiving: Bygdemeldaren. Handbok for bladmeldarar i bygdene, Den utsende medarbeidaren, Bladstyraren, Bladmannen, Bladdrift og Bladarbeid.
Målmann og forleggjar
Som målmann hadde Aarnes som strategi å gjere nynorsk til einaste riksmål i landet. Samstundes bygde han opp nynorske parallellinstitusjonar av typen Bladmannaskulen. Alt 1913 hadde han fått i gang Norsk Bladmannalag for nynorskbrukande journalistar, og han var sjølv formann dei 15 første åra. Han var også med og starta Norsk Pressekontor i 1918, eit kontor som var i drift til slutten av 1950-åra. Med stor tidspresisjon gav Aarnes i 1940 ut si nynorske omsetjing av Grunnlova. Det blei nytt opplag i 1945.
I 1940 skipa han Fonna Forlag, som satsa på lesestoff og bruksbøker på nynorsk for store målgrupper. Det kulørte Nynorsk Vekeblad kom ut i åra 1934–1954, men var i røynda to ulike blad – nytenkjande fram til 1940 gjennom samarbeid med Illustrert Familieblad, seinare meir tradisjonsorientert. Aarnes ville ha ei bygdenorsk motvekt mot dei amerikanske teikneseriefigurane Knoll og Tott, og sette Leif Halse til å skape Vangsgutane, illustrert av Jens R. Nilssen. Desse teikneseriane var striper i Nynorsk Vekeblad frå hausten 1940, og julehefte dei fleste åra 1942–1982, med seinare årlege opptrykk. Det var også Aarnes som fekk Hallvard Sandnes (tekst) og Jostein Øvrelid (teikningar) til å lage science fiction-serien Knut Berg på eventyr, som striper i Nynorsk Vekeblad frå sumaren 1941, og som julehefte frå 1943 til 1960.
Det første bandet av leksikonet Norsk Allkunnebok kom ut i 1948, 30 år etter at Aarnes hadde fremja ideen i Norsk Bladmannalag. Det tiande og siste bandet kom ut i 1966. Då var økonomien i forlaget knekt, og gründeren var ute or tida. Hans Aarnes døydde i oktober 1960.
Utgivelser
Verk i utval
- Sundagskveld. Spelstykkje i ei vending, Molde 1907
- Ungdomsvegar. Spel i tvo vendingar, Ålesund 1908
- Dansen rundt gullkalven eller Storhandlar Ohlsen, Spel i tvo vendingar, Ålesund 1909
- Norsk samfundslæra, 1914 (7. utgåve (saman med Dagfinn Mannsåker) nynorsk 1956, bokmål 1957)
- Bygdemeldaren. Handbok for bladmeldarar i bygdene, 1922 og 1929
- Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn (saman med Anton Aure), Bergen 1923
- Den utsende medarbeidaren, 1925
- Bladstyraren, 1926
- Bladmannen, 1927
- Bladdrift, 1928
- Kviteburd (dikt), Oslo 1933
- Grunnlov for kongeriket Noreg. Gjeven i riksmøtet på Eidsvoll den 17. mai 1814, med seinare brigde og tillegg til 1. januar 1940, 1940, nytt opplag 1945
- Novelleskrivning, 1942
- Bladarbeid, 1943
- Norsk samfunnslære for realskolen (nynorsk; ved Dagfinn Mannsåker), 1959
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Grepstad, Ottar: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 1, 1999
- Joleik, Norhild: Identitet, nasjon, profesjon, hovudoppgåve UiB 2004
- Økland, Einar: ’Lat det merkast i meir enn i ordi’, i Nynorsk av hjartans lyst, 1985, s. 12–23
Faktaboks
Hans Aarnes
Historisk befolkingsregister-ID