Hareidlandet – Store norske leksikon (original) (raw)
Hareidlandet er ei øy i Hareid og Ulstein kommunar i Møre og Romsdal, sørvest for Ålesund. Hareidlandet er den største øya på Sunnmøre, og er 165 km2, med 13 683 innbyggjarar (2022).
Øya har noko myrlendt lågland, men har elles skoglause åsar og fjell opptil 697 moh. (Blåtind) i sør. Tvers over øya frå aust til vest går eit cirka 12 km langt eid mellom industristadene og administrasjonssentera Hareid og Ulsteinvik. Her går fylkesveg 61 Ålesund–Nordfjord (høgaste punkt 155 moh.), og det er bilferje frå Hareid til Sulesund, 26 km frå Ålesund sentrum. Det er eit godt utbygd vegnett med brusamband til Gurskøya og Dimnøy på vestsida.
Det er stor industri i begge kommunane på øya, særleg i Ulstein. Hareid er ein stor fiskerikommune etter ilandbrakt fangst.