Helsedirektoratet – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Forretningsadresse
Oslo
Bjørn Dagfinn Guldvog
Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som skal bidra til å gjennomføra nasjonal helse- og sosialpolitikk, og dessutan gi råd til sentrale styresmakter, kommunar, helseføretak og frivillige organisasjonar.
Ansvarsområder
Helsedirektoratet ligg under Helse- og omsorgsdepartementet og får også delegert oppgåver frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Helsedirektoratet har ei rekkje store oppgåver i norsk helsevesen. Direktoratet er eit fagleg rådgivingsorgan for det politiske systemet og for institusjonane i helsevesenet. Det er også eit forvaltningsorgan som på vegner av Helse- og omsorgsdepartementet iveretar reglar og lovverk i sjukehus, legekontor og andre helseinstitusjonar. Og det set i verk politikk vedteke av regjering og Storting.
Den faglege verksemda er retta inn mot spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og folkehelsearbeidet. Vesentlege delar av arbeidet dreier seg om helsefremjande og førebyggjande tiltak. På fylkesregionalt nivå utfører statsforvaltaren ei rekkje oppgåver for direktoratet. Det tidlegare Sosial- og helsedirektoratet hadde frå 2002 til 2008 ansvaret for arbeidet med sosiale tenester og levekår. Dette er no overført til Arbeids- og velferdsdirektoratet som ei følgje av NAV-reforma. Frå og med 2016 er forvaltningsoppgåver som tidlegare var lagde til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, overførte til Helsedirektoratet. Frå januar 2024 er det tidlegare E-helsedirektoratet innlemma i Helsedirektoratet.
Organisering
Direktoratet hadde i 2023 fem avdelingar for folkehelse- og førebygging, kvalitet og forløp, helseøkonomi og kompetanse, analyse og samfunn, digitalisering og helseregister. Same år hadde direktoratet 619 faste tilsette og eit budsjett på 8.8 milliardar.
Helsedirektoratet er overordna organ for Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) og for landets Pasient – og brukarombod. Helfo er organet til staten for tildeling av støtte i samband med utførte helsetenester, og utbetalte 45 milliardar til støtte for mellom anna legemiddel, eigendelar, laboratorieundersøkelser.
Pasient og brukarombodet har 15 kontor i heile landet, og skal vareta pasientar og brukarars behov, interesser og rettar i møtet med helsetenestene.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Faktaboks
Sektorkode
6100 Statsforvaltningen
Næringskode(r)
84.120 Offentlig administrasjon tilknyttet helsestell, sosial virksomhet, undervisning, kirke, kultur og miljøvern