Hjerkinn – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Hjerkinn
Uttale
Lokal uttale sjærkjinn
norrønt Hjarðkinn, av hjǫrð, ‘buskap’, og kinn, ‘fjellvegg, bratt fjellside’
Hjerkinn er ei grend i Dovre kommune i Oppland, på Dovrefjell. Jernbanestasjonen har same namn, ligg 1017 moh., og er den høgaste stasjonen på Dovrebanen. Ved Hjerkinn møter fylkesveg 29 frå Alvdal gjennom Folldalen E6. Folldal verk dreiv frå 1964 til 1993 gruvedrift på Hjerkinn (Tverrfjellet). Området mot Snøhetta har vore skytefelt for Forsvaret.
Ved Hjerkinn står Eysteinkyrkja, reist til minne om kong Øystein Magnusson, som ifølgje Snorre bygde fjellstove på Dovre. Det er ikkje visst om denne låg på Hjerkinn; Hjerkinn blir nemnt første gong i Sverres saga. Administrasjonsbygget til det nedlagde Hjerkinn skytefelt husar Norsk villreinsenter.
Dagens Hjerkinn fjellstove ligg 1,5 km aust for jernbanestasjonen, 956 moh., på den gamle ferdslevegen mellom Austlandet og Trøndelag. Fjellstova var i lang tid skysskifte og statleg fjellstove, men er no i privat eige. Hovudhusa brann ned til grunnen i 1990; den nye fjellstova opna i 1992. Ved fjellstova står ein bauta til minne om A. O. Vinjes ferd over Dovrefjell i 1860, avduka 100 år seinare.
Minnesmerket for den gamle kongevegen over Dovrefjell fortel at 41 regjerande norske kongar har teke vegen over fjellet. På det høgaste punktet på vegen reiste norsk ungdom i 1964 Grunnlovsvarden.