Huglo – Store norske leksikon (original) (raw)
Huglo er ei øy i Hardangerfjorden, Stord kommune, Vestland fylke, aust for øya Stord. Arealet er 13,5 km2 med 96 innbyggjarar (2020).
Huglo er temmeleg berglendt, med toppar opp til 218 meter over havet (Høgafjellet), men øya ligg lunt og har god kalksteinsgrunn, noko som har skapt ein rik og vekslande flora. Huglo har mange fritidsbustader.
Huglo er knytt til vegnettet på Stord og Tysnesøya ved eit trekantsamband med ferje mellom Nordhuglo, Jektavik på Stord og Hodnaneset på Tysnesøya. Det har sidan 1992 blitt arbeidd med planar om bru til Huglo.
Namnet er i slekt med tysk Hügel, og er laga til same rota som norske 'haug', og siktar til forma på øya.