Stord – kommune i Vestland – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Administrasjonssenter

Leirvik

Fylke

Vestland (fra 01.01.2020, tidligere Hordaland)

Innbyggjartal

19 287 (2024)

Landareal

137 km²

Høgaste fjell

Mehammarsåta (749 moh.)

Innbyggjarnamn

stordabu

Målform

nynorsk

Kommunenummer

4614 (fra 01.01.2020, tidligere 1221)

Kommunevåpenet til Stord kommune er ein kristtorn i gull på raud bakgrunn

Kart: Stord kommune i Vestland

Stord kommune i Vestland fylke.

Stord

Stord. Kommunesenteret Leirvik. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Stord er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Kommunen omfattar den søraustlege halvparten (om lag 127 kvadratkilometer) av øya Stord, øyane Huglo (13,9 kvadratkilometer), Føyno (1,3 kvadratkilometer) og dessutan nokre mindre øyar det ikkje bur folk på.

Stord vart oppretta som kommune då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå kommunen vart Fitjar utskild i 1863 og Valestrand i 1868. Stord fekk sine noverande grenser i 1898 då øya Huglo vart overført frå dåverande Fjelberg kommune.

Stord grensar mot Fitjar i nordvest; elles går grensene til Bømlo i vest, Sveio i sør, Kvinnherad i aust og Tysnes i nordaust i sjøen.

Stord kommunestyre vedtok i 1997 at Leirvik kan kalla seg by.

Natur

Langs grensa mot Fitjar i nordvest går eit belte sørvest–nordaust med harde eruptivbergartar i den kaledonske foldesona (sjå den kaledonske orogenese), hovudsakleg gabbro i sør, grønstein og amfibolitt sentralt og granitt i nord. Her finn ein eit kupert fjellområde, og i granittområdet i nord det høgste fjellet i kommunen, Mehammarsåta (749 meter over havet).

Fjellområdet i nordvest har eit etter måten skarpt skilje mot det småkuperte låglandet i den søraustlege delen av kommunen; dette skiljet fylgjer omtrent ei line fra Sagvåg i sørvest til Agdestein i nordaust. I søraust finst ulike omdanna kambrosiluriske sediment, særleg fyllitt, men også sandstein og konglomerat, likeeins marmor og jaspis, og på Litlabø i sørvest grønstein. Kysten i aust er etter måten jamn, men i sør og vest er det mange bukter og vågar med gode hamner.

På Huglo finn ein mykje av den same type berggrunn som på hovudøya Stord; granitt sentralt på øya og elles spreidde førekomstar av kambrosiluriske sediment langs kysten. Småøyane i sør (Føyno, Nautøya med fleire) består av omdanna kambrosiluriske sediment.

Fyllitten forvitrar lett til god dyrkingsjord, og landskapet søraust i kommunen ligg lunt til for havvindar. Næringsrik berggrunn og gunstig klima gjer at planter som barlind og kristtorn trivst.

Grønsteinen på Litlabø inneheld mykje svovelkis (sjå pyritt), og fram til 1968 var det drift på denne. På Vikanes ved Sagvåg har det vore marmorbrot, og på Huglo har utvinning av kalkstein vore ei viktig attåtnæring frå 1500-talet.

Busetnad

Det meste av busetnaden er konsentrert til kyststripa i søraust og sør. Her ligg mellom anna Leirvik og Sagvåg.

Folketalet i Stord voks særleg sterkt frå midt på 1950-talet og fram til slutten av 1970-åra, i kjølvatnet av den sterke utbygginga av Stord Verft etter at Aker frå 1956 kom inn som medeigar. Sidan har veksten i folketalet vore litt svakare, men har heile tida vist klar vekst og i 2020 låg den 3,7 gonger høgre enn ved slutten av andre verdskrig. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i Stord med gjennomsnittleg 0,8 prosent årleg, mot 0,5 prosent i heile Sunnhordland og 0,9 prosent i Vestland fylke.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Stord. Tettstadene er til saman 13,0 km², og omfattar 9 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Leirvik 14 507 75 % 10,3 km²
Sagvåg 3 454 18 % 2,7 km²
Sum 17 961 93 % 13,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Stord kommune som bur i tettstaden.

Kart over Stord kommune

Næringsliv

Industri og gruvedrift var hovudnæringa i Stord alt frå 1920, og frå 1946 og fram til 1970-åra arbeidde meir enn halvparten av alle yrkesaktive innanfor industri/handverk og gruvedrift. Drifta i gruvene på Litlabø tok slutt i 1968. I dag er andelen industri av arbeidsplassane redusert til 25 prosent (2019), 33 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Verkstadindustrien er den heilt dominerande industribransjen med 98 prosent av arbeidsplassane i industrien, for det meste bygging av skip og oljeplattformar og maskinindustri (2019). Aker Solutions Stord AS, Wärtsilä AS, og Leirvik AS er dei største verksemdene, og desse saman med fleire mindre i bransjen arbeider for det meste med offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning.

Aker Stord bygde fram til 1975 supertankarar på inntil 370 000 tonn dødvekt, men då krakket i tankbåtmarknaden kom, gjekk selskapet over til å byggje dekk til dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen.

Stord har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 11,7 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Børtveit (i drift fra 1921), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Lundsæter (1934) og Mehammer II (2005). Sunnhordland Kraftlag er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen

I 2019 var 16 prosent av dei yrkesaktive tilsette i varehandel og hotell- og restaurantdrift, medan mindre enn ein halv prosent var knytt til primærnæringane.

Stord har om lag balanse mellom talet på arbeidsplassar og busette yrkestakarar, men kommunen har likevel stor inn- og utpendling. Av dei busette yrkesaktive i Stord har 22 prosent arbeid utanfor kommunen, seks prosent i dei andre sunnhordlandskommunane, fire prosent i Haugesund-området, tre prosent i Bergen og to prosent i Stavanger-området (2019).

Same året var 21 prosent av dei sysselsette med arbeid i Stord busett i andre kommunar; av innpendlarane kom dette året 16 prosent frå dei andre kommunane i Sunnhordland, to prosent frå Haugesund-området og éin prosent frå Bergen.

Samferdsle

Frå samferdsleknutepunktet Leirvik går snøggbåt til sunnhordlandsområdet, Austevoll og Bergen, og buss til Haugesund, Stavanger og Bergen. Ferjesamband frå Skjersholmane utanfor Leirvik med Ranavik på Halsnøya i Kvinnherad, og samband fredag og søndag med Halsnøya og Borgundøya og med Utbjoa i Vindafjord kommune. Frå Jektevik går bilferje til Huglo og til Hodnanes i Tysnes (fylkesveg 49).

På vestsida av Stord går fylkesveg 545 frå Leirvik via Sagvåg til Fitjar, og på austsida går E39 (Kristiansand–Trondheim). Ferjesambandet SandvikvågHalhjem fører over til Bergenshalvøya (E39).

Trekantsambandet opna i 2001 og gjev fastlandssamband på E39 sørover, og dessutan brusamband til Bømlo (fylkesveg 542). Det går føre seg planarbeid for fjordkrysningane av Bjørnafjorden og Langenuen på E39 også nordover mot Bergenshalvøya.

Heilt vest i kommunen ligg Stord lufthamn, Sørstokken, ein kortbaneflyplass med faste avgangar til Oslo.

Offentlege institusjonar med meir

Stord er eit skulesenter med mellom anna Høgskulen på Vestlandet avdeling Stord (med mellom anna lærar- og sjukepleiarutdanning) og vidaregåande skule med allmennfag og yrkesfag. Stord sjukehus under det lokale helseføretaket Helse Fonna er eit somatisk sjukehus for kommunane Stord, Tysnes, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad. I tilknyting til sjukehuset ligg Stord distriktspsykiatriske senter.

Avisa Sunnhordland kjem ut i Leirvik tre dagar i veka. Leirvik har elles lokalkontor for NRK. På fjellet Kattnakken (724 meter over havet) er Stord fjernsynssendar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Stord høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.

Stord kommune svarar til dei to sokna Nysæter og Stord i Sunnhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Stord til Søndhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Stord

For statistiske føremål er Stord kommune (per 2016) inndelt i fem delområde med til saman 42 grunnkrinsar:

Historikk og kultur

I Hystadmarkjo kan ein sjå tolv gravrøyser, nokre av dei har gjeve rike funn frå bronsealderen. Her er også friluftsområde med naturreservat. I Sunnhordlandstunet i Leirvik har Sunnhordland Museum samlingane sine, med ti bygningar frå ulike stader i Sunnhordland, mellom anna Ådlandsstova, ei årestove frå mellomalderen. Her er også ei rik samling gipsmodellar laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein (1883–1959) frå Stord. Stord maritime museum på Leirvik har mellom anna ei rik samling motorar.

På Litlabø er det mange interessante spor etter bergverksdrift i perioden 1865–1968. Her finst eit gruvemuseum og eit aktivt venelag for ‘Gruo’.

Sagvåg har ein lang båtbyggjartradisjon. Den høyrer til soga, men reparasjon av båtar held fram.

Stord kyrkje er i pussa tegl og vart bygd i 1857, restaurert i 1957. Utanfor kyrkja blei det i 1950 reist eit minnesmerke i bronse over dei falne under andre verdskrigen, laga av Torleiv Agdestein. Nysæter kyrkje vart reist i 1992. På Leirvik er det kulturhus med bibliotek, kino og symjebasseng.

Stord kommunestyre vedtok i 1997 at Leirvik tettstad skulle ha bystatus.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein kristtorn i gull mot raud bakgrunn; planten er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.

Namnet er opphavleg namn på øya, norrønt Storð med uviss tyding. Det kan ha samanheng med ster- som betyr ‘rage opp‘, og siktar då til dei høgare delane av øya. Namnet kan òg tolkast som ’ungskog, krattskog’, av norrønt s_torð_, ‘ungrenning, ungvokster’, og siktar i så fall til dei søraustlegaste delane av øya.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar