Julia – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Julia er eit kvinnenamn som går tilbake til det latinske Julia av det romerske slektsnamnet Jul-ius/-ia med ukjent opphav.

Nokså mange av dei som heiter Julius, Julia og Julie, er fødde i juli, på julekvelden eller 1. juledag.

Namnet har fleire variantar: Julia, Julie.

Kjende personar med namnet Julia

Eit utval personar med namnet Julia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 676 kvinner i Noreg som hadde Julia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 87 jenter som fekk namnet Julia.

Utvikling i bruk av namnet

Det er eit fellestrekk for kurvene til Julie og Julia at dei begge hadde ein førebels topp litt etter midten av 1800-talet. Og begge namna hadde ein kraftig auke frå 1980-åra til ein topp tidleg på 2000-talet. Julie har vore brukt nesten fem gongar så mykje som Julia sidan år 1900.

Utvikling i bruk av namnet Julia frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Julia på 1800-talet.

Julia var mest brukt i Akershus.

Julia var mest brukt i Akershus.

Historisk bruk av namnet Julia

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar