Klassekampen – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
KLASSEKAMPEN AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
06.01.1975
Harald Fougner (administrerende direktør)
Sveinung Mjelde
Klassekampen er ei dagsavis som kjem ut i Oslo, i papirformat alle kvardagar og som dagleg oppdatert nettavis. Klassekampen vart grunnlagt i 1969, og marknadsfører seg som «Venstresidas dagsavis». Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal.
Klassekampen har eit breitt eigarskap med partiet Raudt, Fagforbundet og «Foreningen Klassekampens Venner» som største eigarar.
Digitalt
Klassekampen publiserer på ulike digitale flater. Betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 118 115 i andre kvartal 2024, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Klassekampen blei etablert som organ for marxist-leninistane i SUF og seinare AKP. Med imponerande frivillig innsats blei Klassekampen dagsavis, men den store framgangen kom først då avisa frigjorde seg frå partibanda og blei «hele venstresidens avis».
Klassekampen (KK) blei skipa som månadleg organ for Sosialistisk ungdomsforbund, SUF (m-l), i februar 1969, med Anders M. Andersen, tidlegare redaksjonssekretær i Orientering, som redaktør saman med Finn Aasheim. Frå nummer 3 kom Sigurd Allern inn i staden for Andersen, og frå nummer 10 i 1970 gjekk Aasheim ut.
Då Allern blei formann i det nystifta Arbeidernes kommunistparti AKP (m-l), tok Finn Sjue over som redaktør frå 1973. Etter fleire redaktørskifte blei Allern redaktør åleine frå 1979 til 1995. Avisa auka til eitt (1973), to (1976) og til slutt seks nummer i veka i 1977.
1970-åra var prega av amatørskap, aktivisme, sjølvberging og politisk dirigering. 60–80 timars arbeidsveke for medarbeidarane var vanleg, og ml-arar distribuerte avisa i fritida. Avisa trykte ikkje statsannonsar, og partileiinga sitt stoff skulle inn uredigert. KK skulle «avsløre og bringe stoff om sosialimperialismen». Polemikk mot revisjonismen skulle prioriterast. «Arbeiderkorrespondenter» skulle ha forrang. Ein skulle ha stoff om «massenes liv og interesser» og om sunne interesser i førebuinga til revolusjon og verdskrig: jakt, fiske og friluftsliv.
For dei tilsette førte dei mange oppgåvene til stadige krav om sjølvkritikk for å ha prioritert feil stoff eller andre «politiske feil», og til tider blei KK ein hoggestabbe i den indre maktkampen i partiet. Ein illustrasjon på den vanskelege balansegangen er den langvarige støtta til Demokratisk Kampuchea (som i perioden 1975 til 1979 var namnet på landet som no heiter Kambodsja). Sjølv om det blei meir og meir omstridd internt, støtta AKP (m-l) Pol Pot sitt skrekkregime eit godt stykke ut i 1980-åra, og det kom aldri til noko oppgjer med denne linja, korkje i partiet eller i avisa. Så seint som i 1985 blei den Pol Pot-kritiske filmen The Killing Fields slakta over fire sider.
I 1980-åra blei avisdrifta profesjonalisert, og i 1991 blei avisa formelt uavhengig av majoritetsaksjonæren AKP. Allern og seinare Paul Bjerke sitt prosjekt var å gjere KK til «hele venstresidens avis», men då Bjerke overtok som redaktør i 1995, hadde han eit svakare tilhøve til partiet enn Allern. Bjerke blei avsett i 1997 og Jon Michelet sett på som ny redaktør. Mange av dei tilsette gjekk av i protest, og opplagstala gjekk kraftig ned.
Då Bjørgulv Braanen blei redaktør i 2002, tok han opp att linja frå Allern. AKP blei nedlagt i mars 2007, og aksjane (ca. 20 prosent) blei overførte til partiet Raudt. Fagforbundet kom inn som eigar med 13 prosent, seinare har også fagforbunda Industri Energi og Fellesforbundet kjøpt seg inn. Resten er fordelt på ei rekkje småaksjonærar, og Foreininga Klassekampens Venner.
Med Braanen som redaktør fekk Klassekampen stor framgang og hadde i ein periode den største auken på papir av alle norske aviser. Stoffmiksen har gradvis vorte utvida, og Klassekampen er blitt ei leiande kulturavis, men har òg omfattande dekning av til dømes religion og forsvar.
I 2018 tok Mari Skurdal over som sjefredaktør.
Sjefredaktørar
- 1969: Anders M. Andersen og Finn Aasheim
- 1969-1970: Sigurd Allern og Finn Aasheim
- 1970-1972: Sigurd Allern
- 1973-1977: Finn Sjue
- 1977-1978: Egil Fossum
- 1978-1979: Egil Fossum og Sigurd Allern
- 1979-1995: Sigurd Allern
- 1995-1997: Paul Bjerke
- 1997-2002: Jon Michelet
- 2002-2018: Bjørgulv Braanen
- 2018 –: Mari Skurdal
Opplag
Opplagstall for Klassekampen, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 8020 |
1988 | 8185 |
1990 | 8206 |
1991 | 9232 |
1992 | 10042 |
1993 | 9692 |
1994 | 9822 |
1995 | 9103 |
1996 | 7796 |
1997 | 8087 |
1998 | 6506 |
1999 | 6477 |
2000 | 6557 |
2001 | 6648 |
2002 | 6929 |
2003 | 7178 |
2004 | 7512 |
2005 | 8759 |
2006 | 10109 |
2007 | 11386 |
2008 | 12106 |
2009 | 13265 |
2010 | 14390 |
2011 | 15390 |
2012 | 16353 |
2013 | 17648 |
2014 | 19253 |
2015 | 21648 |
2016 | 23414 |
2017 | 25019 |
2018 | 27855 |
2019 | 30434 |
2020 | 32375 |
2021 | 34036 |
2022 | 33265 |
2023 | 34008 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1983 | 7920 |
1990 | 8206 |
1994 | 9822 |
1999 | 6477 |
2008 | 12 109 |
2015 | 21 020 |
2020 | 32 375 |
2021 | 34 036 |
2022 | 33 265 |
2023 | 34 008 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirabonnement. Frå 2020 reknar ein både papirabonnement og digitalt abonnement for andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Fyrste nummer februar 1969
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser