Knut Holmann – kajakkpadlar – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Knut Holmann
Fødd
31. juli 1968
Verke
Kajakkpadlar
Familie
Foreldre: Bjørn Holmann (1939–) og sekretær Ragnhild Berge (1941–).
Ugift; sambuar med Vår Vibeke Staude (1966–)
Knut Holmann med dei to OL-gulla frå Sydney i 2000 kring halsen.
Knut Holmann er ein norsk tidlegare kajakkpadlar. Han er blant Noregs mestvinnande i sommer-OL gjennom tidene med seks medaljar, av dei tre gull, to sølv og éin bronse.
Holman tok i alt 14 medaljar i VM og EM, av dei var fire gull. Han var også OL-deltakar i Seoul i 1988 hvor han konkurrerte i firarkajakk.
Holmann vann i alt 44 senior-NM i perioden 1988–2000 (31 i einerkajakk), han vann også NM i maratonpadling i 1989. Holmann blei tildelt elleve kongepokaler på rad frå 1990 til 2000. Han representerte Oslo Kajakklubb.
Bakgrunn
Det heile starta i 13-årsalderen ved at venner lokka Knut Holmann med på padletrening i Oslo Kajakklubb. Då var han allereie ein talentfull langrennsutøvar. Positive erfaringar med båt og åre gjorde sitt til at han 15 år gamal konsentrerte seg fyrst og fremst om padlinga. Om vinteren heldt han likevel fram med å trena langrenn, både for å få avveksling og fordi det gav god treningseffekt. At han var ein habil langrennsutøvar lenge etter at han gav seg som aktiv, viste han då han i 1998 kom på 19. plass som sjette beste nordmann i det 90 kilometer lange Vasaloppet mellom Sälen og Mora i Sverige.
Knut Holmann trena usedvanleg målretta og systematisk gjennom mange år, men han var ikkje ein einsam padlar. Sjølv om mykje av treninga gjekk føre seg i kajakken åleine på vatn, var godt treningsmiljø avgjerande, fyrst og fremst i Oslo Kajakklubb. Men Holmann fann òg ofte gode treningskameratar i naboklubbane i Oslofjorden, i Strand Kajakklubb ved Høvik og Bærum Kajakklubb med base på Kalvøya.
Trenerar
Ei anna avgjerande årsak til Knut Holmanns gode prestasjonar var den ungarske trenaren og tidlegare topp-padlaren Zoltan Bakos arbeid. Bako, som hadde fem VM-gull som aktiv (K2 1000 og 10 000), var tilsett som landslagstrenar i perioden 1987–1992. I tillegg hadde han eit personleg samarbeid med Knut Holmann både i åra 1992–1994 og 1999–2000. Utanom Bako fungerte Arvid Gerhard ei tid som Holmann sin personlege trenar.
Utdanning og økonomi
Knut Holmann har på samme måte som fleire andre toppidrettsutøvarar kombinert idrett og utdanning. Sjølv om det har teke mykje lengre tid enn det som er normert studietid, var han 2001 ferdig siviløkonom etter studium ved BI i Sandvika.
Økonomisk var ikkje kajakkpadlinga noko gullgruve for Holmann. Likevel gjorde dei gode resultata i verdsmeisterskapen og olympiske leikar det unødvendig å ta opp studielån. Inntektene kom vesentleg frå sponsorane til padleforbundet og Olympiatoppen. Knut Holmanns gode resultat var kanskje vel så viktig for økonomien til padleforbundet. Forbundet hadde store økonomiske underskot tidleg i 1990-åra. Takka vera Knut Holmann vart padleforbundet ein attraktiv partnar for sponsorane.
Merittar
OL
Knut Holmann under OL i Sydney 2000, hvor han vann både 500 og 1000 meter kajakkpadling.
Medalje | Meisterskap | Øving |
---|---|---|
Gull | 1996 Atlanta | K-1 1000 meter |
Gull | 2000 Sydney | K-1 500 meter |
Gull | 2000 Sydney | K-1 1000 meter |
Sølv | 1992 Barcelona | K-1 1000 meter |
Sølv | 1996 Atlanta | K-1 500 meter |
Bronse | 1992 Barcelona | K-1 500 meter |
VM
Medalje | Meisterskap | Øving |
---|---|---|
Gull | 1990 Poznań | K-1 1000 meter |
Gull | 1991 Paris | K-1 1000 meter |
Gull | 1993 København | K-1 1000 meter |
Gull | 1995 Duisburg | K-1 1000 meter |
Sølv | 1991 Paris | K-1 500 meter |
Sølv | 1993 København | K-1 10 000 meter |
Sølv | 1995 Duisburg | K-1 500 meter |
Sølv | 1998 Szeged | K-1 1000 meter |
Sølv | 1999 Milano | K-1 1000 meter |
Bronse | 1994 Mexico By | K-1 500 meter |
Bronse | 1994 Mexico By | K-1 1000 meter |
Bronse | 1997 Dartmouth | K-1 1000 meter |
Bronse | 1998 Szeged | K-4 200 meter |
EM
Medalje | Meisterskap | Øving |
---|---|---|
Sølv | 1997 Plovdiv | K-1 1000 meter |
Utmerkingar
- Aftenpostens (Morgenbladets) gullmedalje (1993)
- Fearnleys olympiske ærespris (1996)
- Folkets idrettspris (2000)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2
- R. Bryhn og K. A. Tvedt (red.): _Kunnskapsforlagets idrettsleksikon,_1990
- A. Johnsen og B. Jensen: _Gullklubben,_1993
- P. Jorsett: _100 år med olympiske leker,_1996
- H. Slettan: Olympiske sommerleker i navn og tall, Asker 1998