Kvitskriuprestan – Store norske leksikon (original) (raw)
Kvitskriuprestan er jordpyramidar i Uladalen i Sel kommune i Nord-Gudbrandsdal, langs gamlevegen til Mysuseter. Dei opptil seks meter høge søylene er utforma i lys morene med høgt innhald av silt (kvabb), og har gjerne ei steinblokk på toppen.
Faktaboks
Også kjend som
Kvitskriuprestene, Kvitskriuprestein, Kvitskriuprestinn
Danning
Elva Ula har grave seg inn i ein tjukk dalsidemorene, der ho har gitt bratte erosjonsskrentar. Skrentane har kunna stå steilt fordi morenen er hardpakka med grovt og fint materiale om einannan, og fordi karbonathaldig grunnvatn har sementert materialet.
I regnvêr har likevel morenen blitt oppbløytt, og regnvatn som har piska ned mot skrenten har støtt og stadig rive med seg litt av dei lause massane. Der morenen har vore verna av ei stor steinblokk, har regnet ikkje kome til. Etter kvart som moreneskrenten har trekt seg tilbake mot fjellsida, har det danna seg søyler av morene med ei vernande steinblokk på toppen.
Namnet kjem av den påståtte likskapen til søylene med prestar, som i eldre tider gjekk i lang kvit kjole og med breibremma hatt.
Kart