Lars Moen – skreddar og politikar (original) (raw)

Faktaboks

Lars Moen

Lars Magnus Moen

Fødd

29. november 1885, Lesja, Innlandet

Død

22. april 1964, Dovre, Innlandet

Verke

Skreddar og politikar

Familie

Foreldre: Husmann Tore Ingebrigtson Moen (1859–1944) og Marie Larsdotter Dale (1862–1903).

Gift 1911 med Kirstine Diseth (14.11.1878–24.3.1948), dotter til korporal Tollef Diseth (1851–1929) og Anne Engebretsdotter Thingstad (1853–79).

Lars Magnus Moen

Lars Moen var ein norsk skreddar og Arbeidarpartipolitikar frå Oppland. Moen medverka til utforminga av Arbeidarpartiet sin skule- og kulturpolitikk i åra rett etter andre verdskrigen.

Bakgrunn

Lars Moen var fødd i Lesja i Gudbrandsdalen. Han gjekk i skreddarlære på Lillehammer, og etter ei tid i Elverum etablerte han seg som skreddar på Dombås i 1911.

Politisk karriere

Han var sentral i utviklinga av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen. Frå 1920 var han med i Dovre kommunestyre og var i ei årrekkje medlem av Dovre skulestyre og Oppland fylkesskulestyre. I perioden 1932–1948 var han formann for Gudbrandsdal Arbeidarparti. Åra 1928–1957 representerte han OpplandStortinget. Han var kyrkje- og undervisningsminister under to statsministrar (Einar Gerhardsen og Oscar Torp) i 1948–1953.

Som stortingsrepresentant sat Moen i kyrkje- og undervisningskomiteen. Ein periode var han òg formann. Gjennom heile si politiske gjerning var han engasjert i kultur- og skulespørsmål. Som kyrkje- og undervisningsminister gjorde han ein viktig innsats for å spreie kulturgoda til bygdene. I hans statsrådstid vart institusjonar som Riksteatret (1949), Riksgalleriet (1952) og Norsk Bygdekino (1950) etablerte. Andre viktige kultur- og forskingsinstitusjonar vart skipa i denne perioden, mellom anna Norsk Språknemnd (1952), Universitetet i Bergen (1948), Norges allmennvitenskapelige forskningsråd (1949) og Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd (1949).

Lars Moen medverka til å stake ut skulepolitikken til Arbeidarpartiet, som etter kvart tok form av den 9-årige einskapsskulen og var den viktigaste utdanningspolitiske reforma dei første tjue åra etter krigen. Moen var oppteken av målsaka og var sjølv nynorskbrukar, og han gjekk inn for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk.

Motstandskamp og forfattarskap

På grunn av illegalt arbeid under krigen vart Moen arrestert og send til Grini og Sachsenhausen. Under fangenskapet skreiv han dikt, utgitt i diktsamlinga Dikt frå Sachsenhausen (1945).

Ei byste av Moen står på Dombås, laga av Nils Aas i 1977.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Lars Moen

Historisk befolkingsregister-ID

pf01036425000287

Kommentarar (2)