Lydia – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Lydia er eit gresk kvinnenamn som tyder ‘kvinne frå landskapet Lydia’ (i Lilleasia).

Namnet har fleire variantar: Lydia, Lydie.

Namnedag er 13. desember. Lucia har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Lydia

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Lydia

Eit utval personar med namnet Lydia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 841 kvinner i Noreg som hadde Lydia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 34 jenter som fekk namnet Lydia.

Utvikling i bruk av namnet

Lydia har ein kurveprofil som liknar på dei tostava namna på -a, til dømes Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara. Den fyrste toppen kom på slutten av 1800-talet, og etter 2010 er namnet på veg mot ein ny topp. Det er svært få namn som har dei same lydlege trekka som Lydia (tre stavingar, trykk på den fyrste stavinga og utlyd på -ia).

Utvikling i bruk av namnet Lydia frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lydia på 1800-talet.

Lydia var mest brukt i Bergen.

Lydia var mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Lydia

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar