Mývatn – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Mývatn
Uttale
mˈi:-
‘Myggvatn’
Region
Norðausturland
Kommune
Þingeyjarsveit
Viktigaste tilløp
Kráká
Viktigaste utløp
Laxá
Areal
37 km2
Høgd over havet
277
Djupn
4,5 m
Mývatn er ein innsjø på det nordaustlege Island, om lag 50 kilometer aust for Akureyri. Mývatn er Islands fjerde største innsjø. Innsjøen er eit av landets viktigaste turistsenter, med flyplass ved nordenden. Mývatn er kjelda til den kjente lakseelva Laxá i Þingeyjar.
Vatnet ligg i eit aktivt vulkanstrok. Innsjøen blei danna ved at lava flaut ut og demte opp elva Laxá etter utbrot for 3700 år sidan. Sjøbotnen er lavamark; Mývatn er derfor ikkje meir enn 4,5 meter på det djupaste, strandlina er sterkt innskoren og eit større tal lavaholmar stikk opp av vatnet. Under vulkanutbrot for 2000-2200 år sidan nådde lavastraumen vatnet og danna feltet Dimmuborgir med skarpe og opprivne lavaformasjonar på austsida av sjøen og som i dag er ein turistattraksjon. Det norske black metal-bandet Dimmu Borgir har henta namnet sitt herifrå. Møtet mellom lava og vatn er vidare opphav til fleire koniske pseudokrater i og rundt sjøen.
Langs sjøen er det eit rikt fugleliv med hekkeplass for mange ulike andearter, som bergand, brunnakke, harlekinand, islandsand, snadderand og toppand. Andre arter er horndykkar, islom, smålom, svømmesnipe og ærfugl.
Hverfjall aust for sjøen er eit av verdas største eksplosjonskrater, med ein diameter på éin kilometer. Her ligg òg jorddampfeltet Námafjall, der det tidlegare blei utvunne svovel. Kiselgurproduksjon skjer med botnslam frå Mývatn som råmateriale og jordvarme som kraftkjelde. Eit geotermisk kraftverk ligg i Krafla nordaust for sjøen.