Magnus – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Magnus er eit mannsnamn som er mykje brukt i Norden. Det går tilbake til det latinske adjektivet magnus som tyder ‘stor’. Det var opphavleg eit tilnamn brukt på Karl den store (747–814), på latin Carolus Magnus.
Namnedag er 16. april. Mohammad og Mons har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Magnus
Namnestatistikk
I 2022 var det 17 439 menn i Noreg som hadde Magnus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Magnus var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 270 gutar som fekk namnet Magnus, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Sjølv om Magnus reint språkleg har latinsk opphav, kan det i kulturhistorisk samanheng reknast som eit norsk namn. Eit tidleg døme på dette er kongenamnet Magnus – jamfør Magnus den gode i mellomalderen. Dermed kan Magnus inngå blant dei namna som høyrer til namnerenessansen. I den fyrste fasen hadde namnet same kurveprofil som andre renessansenamn, men Magnus fekk – i motsetning til andre renessansenamn – eit sterkt oppsving frå 1970-åra til ein topp tidleg på 2000-talet.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Magnus var mest brukt i Bergen, Nordland og Troms.
Magnus var mest brukt i Bergen, Nordland og Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Mangnus.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.