Mari – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Mari er eit kvinnenamn som er norsk form av Maria, ei gresk-latinsk form av hebraisk Mirjam. Namnet har omdiskutert tyding. Den tradisjonelle forklaringa har vore at Mirjam tyder ‘fyldig; vakker’.
Namnedag er 25. mars. Maria og Marie har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Mari
Namnestatistikk
I 2022 var det 11 712 kvinner i Noreg som hadde Mari som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Mari var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 81 jenter som fekk namnet Mari.
Utvikling i bruk av namnet
Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert form på nordisk grunn av eit bibelsk namn (Mari av Maria), har Mari hatt ein gradvis tilbakegang sidan tidleg på 1800-talet (4. plass på ranglista 1800–1804). Frå 1970-åra byrja namnet å få eit oppsving til ein topp i slutten av 1980-åra.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Mari var klart mest brukt i Oppland.
Mari var klart mest brukt i Oppland.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 2002: [Mirjam] – tjukk og fager, eller elska av Gud? I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.[/li][li]
- Stemshaug, Ola 2010: Mari og Maja i Noreg. Studia anthroponymica Scandinavica 28.