Maria – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Maria er eit kvinnenamn som er gresk-latinsk form av hebraisk Mirjam. Namnet har omdiskutert tyding. Den tradisjonelle forklaringa har vore at namnet tyder ‘fyldig; vakker’. Det er også vore foreslått at namnet går tilbake til eit ord som tyder ønske (på hebraisk) eller elske (på koptisk).
Namnet har fleire variantar: Maria, Marie, Marja.
Namnedag er 25. mars. Mari og Marie har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Maria
Kulturell bruk
- Maria i musikalen «West Side Story» (1957) av Leonard Bernstein (film i 1961). Ein song i musikalen begynner med desse linjene som også kan sjåast på som ein hyllest til namnet Maria: «The most beautiful sound I ever heard / Maria, Maria, Maria, Maria».
Kjende personar med namnet Maria
Namnestatistikk
I 2022 var det 20 442 kvinner i Noreg som hadde Maria som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Maria var det åttande mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 105 jenter som fekk namnet Maria.
Utvikling i bruk av namnet
Maria og Marie har nokså ulik kurveprofil. Marie vart mest brukt på 1800-talet, og då namnet var på topp i 1870-åra, fekk 4,4 prosent av jentene dette namnet. Deretter gjekk namnet sakte tilbake inntil det fekk eit nytt oppsving i 1980-åra, men toppnivået i perioden 1995–1999 (1,1 prosent) kan på ingen måte måle seg med toppen på 1800-talet. Maria fekk eit sterkt oppsving i 1970-åra. Filmen «West Side Story» (1961) kan ha medverka til dette. I denne filmen er det ein berømt song om namnet Maria. Sidan år 1900 har Marie vore brukt 1,5 gongar så mykje som Maria. Namnestatistikken gjeld normalt berre det fyrste førenamnet (Marie) eller det fyrste av fleire (Marie Synnøve), men i samband med Marie må det understrekast at Marie har vori det desidert mest brukte namnet i andre posisjon på 1900-talet, til dømes Anne Marie.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Maria var mest brukt i Hedmark, Oppland, Hordaland og Møre og Romsdal.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 2002: [Mirjam] – tjukk og fager, eller elska av Gud? I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.[/li][li]
- Stemshaug, Ola 2010: [Mari] og [Maja] i Noreg. [Studia anthroponymica Scandinavica 28].