Marit – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Marit er eit kvinnenamn som går tilbake til norrønt Margrét. Lenger bak kjem det av Margareta laga til det greske ordet margarites som tyder ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.
Namnet har fleire variantar: Maret, Marit, Marith.
Namnedag er 20. juli. Margareta og Margit har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Marit
Kulturell bruk
- Marit i Bjørnstjerne Bjørnsons «En glad gut» (1860).
Kjende personar med namnet Marit
Namnestatistikk
I 2022 var det 23 781 kvinner i Noreg som hadde Marit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Marit var det femte mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 11 jenter som fekk namnet Marit.
Utvikling i bruk av namnet
Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert form på nordisk grunn av eit helgennamn (Marit av Margareta), har Marit hatt ein gradvis tilbakegang sidan tidleg på 1800-talet (etter 7. plass på ranglista 1800–1804). Men i byrjinga av 1900-talet fekk Marit eit oppsving fram til det nådde eit toppnivå 1945–1949. Kurveprofilen til Marit liknar på den til Berit (begge justerte namn som endar på -rit).
Geografisk variasjon på 1800-talet
Marit var mest brukt i Oppland og Sør-Trøndelag.
Marit var mest brukt i Oppland og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Marith.)