Nedstrand – tettstad – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

250 (SSB, 2023)

Landareal

0,4 km²

Tettstadsnummer

4693 Nedstrand

Nedstrand er ein tettstad i Tysvær kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 250 innbyggjarar (2023).

Nedstrand ligg på vestsida av Vindafjordens munning i Boknafjorden.

Nedstrand har fergesamband med Jelsa og Hebnes i Suldal, øya Ombo og dei større øyane i Finnøy. Det er òg snøggbåt til Stavanger og Sauda.

Nedstrand (Stranda) var tollstad for Ryfylke på 1600-tallet med mellom anna stor tømmereksport, og var i åra 1837–1965 administrasjonssenter i tidlegare Nedstrand kommune.

Nedstrand kyrkje ligg i Hindaråvåg, rundt tre km vest for tettstaden.