Suldal – kommune i Rogaland – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Etymologi

norrønt súla, 'søyle, stolpe', kan òg ha samanheng med norrønt sule, ‘kløft'

Administrasjonssenter

Sand

Fylke

Rogaland

Innbyggjartal

3 889 (2024)

Landareal

1 582 km²

Høgaste fjell

Vassdalseggi (1658 moh.)

Innbyggjarnamn

suldøl

Målform

nynorsk

Kommunenummer

1134

Kommunevåpen

Kart: Suldal kommune i Rogaland

Suldal kommune i Rogaland fylke.

Suldalsporten

Suldal er ein kommune i Rogaland, nordaust i Ryfylke og er den største kommunen i Rogaland etter areal.

Suldal omfattar, forutan den eigentlege Suldal (dalføret med Suldalslågen og Suldalsvatnet) med sidedalar og omliggjande fjelltrakter, også landa omkring Sandsfjorden og Hylsfjorden og dessutan ytre del av Saudafjorden. Kommunen når i vest fram til Vindafjorden og omfattar såleis heile Ropeidhalvøya, og den når i sørvest til Jelsafjorden/Erfjorden. Til Suldal høyrer òg Foldøyna utanfor munningen av Vindafjorden og Sandsfjorden.

Suldal kommune vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Sauda vart skilt ut frå kommunen i 1842. Sidan hadde Suldal uendra grenser til 1965 då dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord, Imsland sine område sør for Vindafjorden, og Jelsa (unnateke Buergårdene på Ombo, som vart overført til Hjelmeland), vart lagt til kommunen.

Dei noverande grensene sine fekk Suldal i 1978 då Vormestrand-området nordvest på Ropeidhalvøya, med 13 innbyggjarar (før 1965 i Vikedal kommune), vart overført til Suldal frå Vindafjord.

Suldal grensar i nordvest til Vindafjord (Rogaland) og Etne (Vestland fylke), i nord til Sauda (Rogaland) på begge sider av Saudafjorden, i nordaust til Ullensvang (Vestland), i aust til Vinje (Telemark fylke) og Bykle (Agder) og i sør til Hjelmeland (Rogaland). I sjøen i sørvest grensar Suldal til Stavanger og Tysvær, begge i Rogaland.

Natur

Berggrunnen i store delar av Suldal er av grunnfjells- eller prekambrisk alder, seinare sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefoldningen (sjå Den kaledonske orogenese). Då vart store skyvedekke med prekambriske, for ein stor del omdanna bergartar i foldesona, skove over grunnfjellet. Desse skyvedekka, som mellom anna består av ulike gneisbergartar og granitt, dannar no dei høgaste partia i kommunen. Dei når 1538 meter over havet på Skaulen nord for Suldalsvatnet, 1658 meter over havet på Vassdalseggi, det høgaste fjellet i fylket) på grensa mot Telemark, og 1604 meter over havet på Snønuten søraust for Suldalsvatnet.

I overgangen mellom skyvedekka og grunnfjellet er det stadvis bevart ei sone med fyllitt og glimmerskifer av kambrosilurisk opphav, særleg i dei sørlege delane av kommunen. Desse bergartane dannar ved forvitring eit næringsrikt morenemateriale som når dei opptrer i område med lun plassering, er ein medverkande årsak til at Suldal har dei største skogområda i fylket.

Ein betydeleg del av jordbruksareala finn ein i dalføret til Suldalslågen, likeins stadvis langs fjordane i sørvest, særleg i fyllittområda, mellom anna i Jelsa.

Naturvernområde

Kommune har 16 naturvernområde. Dei største er:

Klima

Kaldaste månader er januar og februar, begge med normal på –2,8 °C, og varmaste månader er juli og august, begge med normal på 12,0 °C. Mest nedbør er det i november med normal på 102,7 millimeter og minst er det i mai med normal på 13,3 millimeter. Målingane er gjorde ved Gullingen skisenter målestasjon.

Busetjing

Jelsa kyrkje

Folketal

1951 4593
1952 4475
1953 4446
1954 4443
1955 4381
1956 4361
1957 4288
1958 4232
1959 4218
1960 4166
1961 4080
1962 4041
1963 4033
1964 4167
1965 4146
1966 4147
1967 4142
1968 3998
1969 3860
1970 3778
1971 3648
1972 3669
1973 3667
1974 3650
1975 3797
1976 3922
1977 4148
1978 4292
1979 4479
1980 4570
1981 4565
1982 4582
1983 4542
1984 4544
1985 4475
1986 4410
1987 4281
1988 4241
1989 4150
1990 4119
1991 4137
1992 4107
1993 4114
1994 4097
1995 4102
1996 4113
1997 4106
1998 4082
1999 4063
2000 4043
2001 4042
2002 3984
2003 3923
2004 3895
2005 3901
2006 3883
2007 3874
2008 3823
2009 3833
2010 3849
2011 3850
2012 3845
2013 3872
2014 3881
2015 3892
2016 3903
2017 3853
2018 3849
2019 3794
2020 3804
2021 3809
2022 3784
2023 3815
2024 3889

Kilde:Statistisk sentralbyrå

Busetjinga i Suldal finn ein særleg i Suldalslågens dalføre mellom Suldalsvatnet og kommunesenteret Sand ved Suldalslågen si munning i Sandsfjorden. I dette området bur 60 prosent av befolkninga i kommunen. Ved utløpet av elva frå Suldalsvatnet og like nedanfor ligg Suldalsosen og Vinjar. Elles er det spreidd busetjing i dalføra og fjordsidene med enkelte mindre konsentrasjonar, til dømes i Erfjord og Jelsa kyrkjestader i søraustre del av kommunen og Nesflaten ved nordenden av Suldalsvatnet.

Folketalet i Suldal auka frå byrjinga av 1970-åra til midt i 1980-åra i kjølvatnet av den store kraftutbygginga i kommunen, men har sidan gått noko tilbake. I tiårsperioden 2007–2017 gjekk folketalet i kommunen ned med gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg mot ein vekst på 1,6 prosent i fylket samla sett.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Sand med 1203 innbyggjarar (2023). 31 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,0 km².

Kart over Suldal kommune

Næringsliv

Oddatjørndammen

Suldal er Norges største kraftkommune. Oddatjørndammen er en av flere demninger som danner Blåsjø, Norges største kraftmagasin, og hovedmagasin for Ulla-Førre Kraftanlegg.

I alt 11 prosent av arbeidsplassane i Suldal er innan primærnæringane. Jordbruket blir drive som eit allsidig husdyrbruk med særleg vekt på storfe- og sauehald. Det er noko fruktdyrking i fjordstrøka, særleg av plommer. Suldal har det største skogarealet i Rogaland, og avverkinga i 2022 utgjorde 7994 kubikkmeter tømmer (gran og furu).

Industrien omfattar 11 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 26 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2016). Industrien blir dominert heilt av bergverk. På Berakvam ved Sandsfjorden nord for Jelsa kyrkjestad ligg eit av Noregs største pukkverk (Norsk Stein AS) med ein produksjonskapasitet på 10 millionar tonn per år. Arbeidsplassane her er bakgrunnen til at bergverksdrift har 73 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen (2015). Industrien elles finn ein særleg i kommunesenteret Sand. Viktigaste industribransjar etter bergverk er verkstads- og trevareindustri med høvesvis 13 og 11 prosent av sysselsetjinga i industrien (2015).

Suldal er Noregs største kraftkommune. Kraftproduksjonen skjer først og fremst i Suldalsvassdraget inkludert Ulla-Førre-anlegga.

Suldal er den kommunen som produserer mest vasskraft i Noreg, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 7024 gigawattimer, fordelt på 48 kraftverk (snitt 1993-2020). Det største kraftverket er Kvilldal (i drift fra 1981), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Suldal I (1965) og Saurdal (1985). Statkraft Energi er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Lyse Kraft med om lag ein tredjedel.

Av dei busette arbeidstakarane i Suldal har 17 prosent arbeid utanfor kommunen, i alt 6 prosent både i dei andre kommunane i Ryfylke og i kommunane på Jæren inkludert Stavanger (2016).

Samferdsel

Sandsfossen med Høse bru, ein installasjon i regi av nasjonale turistvegar.

Suldal

Suldal. M/S Suldal vart bygd i 1885 som dampskip og gjekk lenge i rutefart på Suldalsvatnet. Båten fekk dieselmotor i 1950-åra. Båten vart verna i 2013 og det blir arbeidd med å setje han i drift igjen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Suldal har to hovudvegsamband; riksveg 13, (Ryfylkeveien) som går frå E39 i Sandnes til E134 i Røldal i Ullensvang, og hovudsambandet vestover til Haugalandet med Haugesund (fylkesveg 46). Gjennom Suldal går riksveg 13 frå grensa mot Hjelmeland i sør via Sand, Suldalsosen og Nesflaten til Røldal. Vegen er ein del av nasjonal turistveg Ryfylke. Fylkesveg 46 går frå riksveg 13 på Lovraeidet, 12 kilometer sørvest for Sand, via Sandsfjordbrua/Åsarøyabrua (opna i 2015) og Ropeid til Ølen i Vindafjord. Herfrå fører E134 vidare vestover til Haugesund.

Andre viktige vegar i Suldal er fylkesveg 520 frå Ropeid nordover til Sauda og over fjellet til Røldal (vinterstengt over fjellet), likeins fylkesveg 517 frå Lovraeidet på riksveg 13 sørover til Jelsa kyrkjestad ved munninga av Sandsfjorden.

Det går bilferje frå Jelsa til Foldøyna, Hebnes og Nedstrand (i Tysvær). Sand har ekspressbåtsamband med Sauda og Stavanger.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Administrasjonssenteret Sand er eit viktig handels- og skulesentrum med blant anna vidaregåande skule.

Gullingen leirskule arrangerer fjellfriluftsleirar for skular i Rogaland og Hordaland.

Suldal høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i Ryfylke interkommunalt politisk råd saman med Sandnes, Hjelmeland, Sauda og Strand.

Suldal kommune svarer til dei fire sokna Erfjord, Jelsa, Sand og Suldal i Ryfylke prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Suldal til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Suldal

For statistiske formål er Suldal kommune (per 2024) delt inn i tre delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

Historikk og kultur

På tur langs Suldalsvatnet med Nesflaten i bakgrunnen

I samband med kraftutbygginga i Ulla–Førre vart det grave ut og undersøkt ein steinalderbuplass som truleg er cirka 4000 år gammal, ein buplass frå yngre jernalder og restar av ein mellomalderstøl. Fleire eldre gardsanlegg i kommunen er freda. På Sand ligg Ryfylkemuseet, eit interkommunalt museum for kommunane Suldal, Hjelmeland og Sauda, med folkemusikkarkiv. Jelsa kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1647 og restaurert i 1955. Jelsa har òg skulemuseum.

På Løland, heimgarden til forfattaren Rasmus Løland, ligg den freda Rosebua, ei særmerkt bu der tak og vegger i stova er dekt med rosemåling.

Suldalsposten er lokalavis for Suldal og kjem ut to gonger i veka. Avisa kom med det første nummeret i 1976, har hovudkontor på Sand, og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1976) har eit bølgjeforma trillingstreng i gull, skråstilt høgre–venstre mot ein raud bakgrunn. Dette illuderer Suldalslågen.

Namnet kjem av norrønt súla, 'søyle, stolpe', som opphavleg må ha vore nytta om Suldalsvatnet med sikte på den tronge Suldalsporten med stupbratte sider. Namnet kan òg ha samanheng med norrønt sule, ‘kløft'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar (1)