Norangsdalen – Store norske leksikon (original) (raw)

Norangsdalen er eit trongt dalføre i Ørsta og Stranda kommunar i Møre og Romsdal. Dalen hadde 54 innbyggjarar i 2023. Gjennom dalen renn Norangselva frå ein morenerygg som dannar vasskilet mot Nibbedalen i Hellesylt, 324 m.o.h.

Elva dannar fleire små vatn; Lyngstøylvatnet blei danna ved eit steinskred i 1908 og la blant anna setra Lygnstøylen under vatn.

Elva munnar ut inst i Norangsfjorden, ein arm av Hjørundfjorden. Ved fjordbotnen ligg turiststaden Øye med Hotell Union Øye. Øye er ein mykje brukt startstad for mellom anna turar til Slogen.