Oline – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Oline er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Ole (og variantar). Oline kan også vere kortform av Karoline, Nikoline og fleire.

Namnet har fleire variantar: Olin, Olina, Oline.

Namnedag er 3. august. Oliver og Olve har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 123 kvinner i Noreg som hadde Oline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 119 jenter som fekk namnet Oline.

Av dei som heitte Oline i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Oline. Dette inneber at 30 prosent hadde Oline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Tomine etter Tomas. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. (Blant dei var Oline – med 8. plass på ranglista 1860–1864.) Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet, og når nokre få av dei mange namna på -ine frå 1800-talet har vorte populære att rundt år 2000, kan ikkje dette sjåast på som ei oppatt-taking av den gamle skikken. Det kan snarare vere tale om oppkalling etter ein kvinneleg slektning.

Utvikling i bruk av namnet Oline frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Oline på 1800-talet.

Oline var mest brukt i Hedmark og Sogn og Fjordane.

Oline var mest brukt i Hedmark og Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Oline

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar