Oliver – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Oliver er eit mannsnamn som kan vere laga på norsk grunn av dobbeltnamnet Ole Iver. Oliver kan også vere engelsk form av det franske Olivier med usikkert opphav. Det har rett nok vore foreslått at Oliver har opphav i det seinlatinske olivarius som tyder ‘oliventredyrkar’.
I Rolandskvadet er Oliver ein av dei som kjempar saman med Karl den store, men ettersom ingen av dei andre i kretsen rundt Karl den store hadde namn med latinsk bakgrunn, taler dette imot at det engelske Oliver går tilbake til seinlatin.
Namnet har fleire variantar: Oliver, Olliver.
Namnedag er 3. august. Oline og Olve har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Oliver
Kulturell bruk
- «Oliver Twist» (1837–1838) av Charles Dickens. jamfør Sverige.
Kjende personar med namnet Oliver
Eit utval personar med namnet Oliver, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Oliver Cromwell (1599–1658)
- Oliver Wendell Holmes (1809–1894)
- Oliver Wendell Holmes (amerikansk jurist) (1841–1935)
- Jens Hendrik Oliver Djurhuus (1881–1948)
- Oliver Neerland (1881–1960)
- Oliver Hansen Langeland (1887–1958)
- Oliver Tambo (1917–1993)
- Oliver North (1943)
- Oliver Stone (1946)
- Oliver Kahn (1969)
Namnestatistikk
I 2022 var det 8 626 menn i Noreg som hadde Oliver som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Oliver var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 382 gutar som fekk namnet Oliver, og det var det tredje mest populære gutenamnet dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Oliver har vore eit toppnamn etter år 2015, og i 2019 låg Oliver som nummer 5 på ranglista. Også desse engelske namna har vore populære på 2000-talet: Robin, Kevin, Dennis, Liam og William.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Oliver var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.
Oliver var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Aasen, Ivar 1878: [Norsk Navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne]. Kristiania. Ny utgåve og register ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar-Aasen-instituttet 3. Volda 1997.