Ottar Grepstad – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Ottar Grepstad

Fødd

1. oktober 1953, Øyer

Ottar Grepstad

Måltroll

Ottar Grepstad og Tor Fuglevik i Språkrådet, teikna av Inge Grødum i 2009. Teikninga er inspirert av Olaf Gulbranssons «Måltrollene rykker ind i Christiania» frå 1899, då med Arne Garborg, Per Sivle og Ivar Aasen som troll.

Ottar Grepstad er ein norsk kulturadministrator som i heile sitt vaksne liv har spela ei sentral rolle for å fremja nynorsk skriftkultur. Han er forfattar, språkgranskar og organisasjonsleiar. Grepstad vert omtala som ein nasjonal «språkstrateg».

Kulturdirektør

Ottar Grepstad er mest kjent som direktør for Nynorsk kultursentrum frå 1999 til 2018, ei stifting som eig musea Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje. Den faste arbeidsstaden i desse åra var Ivar Aasen-tunet som han bygde opp som eit moderne museum, tett inntil Aasens barndomsheim.

Grepstad var i 2007 med og grunnla det digitale leksikonet Allkunne, som var meint som eit nynorsk svar på dei etablerte leksikona. Grepstad var prosjektleiar for leksikonet frå 2007 til 2008, og hovudredaktør frå 2008 til 2014, samstundes som han var direktør i Nynorsk kultursentrum.

Forlagsmann

Grepstad hadde frå 1980 til 1994 leiande stillingar i Det norske Samlaget, først som forlagsredaktør og seinare som assisterande forlagssjef. Ved sida av forlagsarbeidet skreiv han to fagprosabøker med språklege tema. Han var óg redaktør i Syn og Segn frå 1984 til 1988.

Organisasjonsarbeid

Grepstad har ved mange høve gjort engasjert seg i organisasjonsarbeid.

Han var landsstyremedlem i Venstre frå 1976 til 1988, og leiar i Norges Unge Venstre frå 1975 til 1976. I 1998 var han dagleg leiar i Noregs Mållag.

Frå 2005 til 2010 var han rådsmedlem i Norsk kulturråd. Frå 2010 til 2015 var han styreleiar i Språkrådet (frå 2006 til 2010 styremedlem). I Nynorsk forum, som er samarbeidsorganet for nynorskorganisasjonar, var han sekretær frå starten i 1997 til han vart pensjonist i 2018.

Han var frå 2016 til 2018 styreleiar i International Network of Language Museums.

Forfattarskap

Historia om Ivar Aasen

Viljen til språk

Ottar Grepstad har ein vid og variert litterær produksjon, for det meste knytt til språk og språkpolitikk. Han har m.a. skrive debattbøker og faktabøker, ein ruvande biografi om Ivar Aasen, og redigert ei jubileumsbok om Venstre.

Ottar Grepstad er utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1983.

Utmerkingar

Utgjevingar (eit utval)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar