Noregs Mållag – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Organisasjonstype

Forening/lag/innretning

Forretningsadresse

Oslo

Dagleg leiar

Gro Morken Endresen

Styreleiar

Peder Hauge

Logo

Noregs Mållag er ein samlande organisasjon for dialektane og det nynorske skriftspråket. Noregs Mållag vart stifta i Oslo i 5. februar 1906 med Marius Hægstad som første formann. Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen.

Hovudkontoret ligg i Oslo. Noregs Mållag gir ut medlemsbladet Norsk Tidend. Laget deler ut Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Nynorsk næringslivspris.

Organisasjonen har rundt 16 000 medlemmer i omlag 170 lokallag og 17 fylkeslag (2023).

Historie

Marius Hægstad

Marius Hægstad var første formann i Noregs Mållag

Då Noregs Mållag vart stifta i på målstemnet i 1906 var namnet Norigs Mållag, det vart endra til Noregs Mållag i 1922.

Hovudkravet på skipingsmøtet i 1906 var «den eine skriftlege prøva til artium skal vera på nynorsk (landsmål)». Kravet fekk fleirtal på landsmøtet i Venstre dagen etter, og førte til at det vart innført obligatorisk sidemålsstil til artium frå 1907.

Noregs Mållag vart raskt den viktigaste organisasjonen i målrørsla.

Det hadde vorte stifta mållag i Oslo, Bergen og Trondheim i 1861-1862. I 1868 vart dei to eldste nolevande mållaga stifta: Vestmannalaget i Bergen og Det Norske Samlaget i Oslo. I åra etter 1906 vart det etablerte mållag i dei fleste andre byane.

Organisasjonen

Laget er inndelt i fylkeslag og lokallag. Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har status som fylkeslag. I tillegg er det fleire yrkesmållag.

Fylkeslag

Yrkesmållag

Dei største særlaga for yrkesgrupper er:

Leiarar

Leiarar (fram til 1982 «formann») for styret i Noregs Mållag:

Periode Leiar
1906–1909 Marius Hægstad
1909–1912 Jørgen Løvland
1912–1915 Nikolaus Gjelsvik
1915–1917 Fredrik Voss
1917–1921 Olaus Islandsmoen
1921–1925 Halvdan Koht
1925–1926 Knut Liestøl
1926–1930 Torleiv Hannaas
1930–1932 Gustav Indrebø
1932–1936 Anders Todal
1936–1946 Knut Markhus (organisasjonen vart lagt ned 1942–1945)
1946–1949 Hans Eidnes
1949–1952 Asbjørn Øverås
1952–1957 Knut Robberstad
1957–1958 Hartvig Kiran
1958–1960 Magne Skodvin
1960–1963 Ivar Eskeland
1963–1965 Trygve Bjørgo
1965–1970 Hans Olav Tungesvik
1970–1971 Bjarne Slapgard
1971–1973 Steinar Lægreid
1973–1975 Johan Krogsæter
1975–1977 Ola Breivega
1977–1979 Kjell Snerte
1979–1981 Dagfinn Hjellbrekke
1981–1984 Maria Høgetveit Berg
1984–1987 Ola E. Bø
1987–1989 Jon Låte
1989–1991 Marta Andrea Østerås Falch
1991–1993 Kristian Ihle Hanto
1993–1994 Jan Olav Fretland
1994–1997 Olav Randen
1997–1999 Liv Ingebrigtsen
1999–2002 Oddmund Løkensgard Hoel
2002–2002 Vidar Lund
2002–2003 Håvard Teigen
2003–2005 Endre Otto Brunstad
2005–2005 Steinulf Tungesvik
2005–2006 Nils T. Ulvund
2006–2009 Hege Myklebust
2009–2013 Håvard B. Øvregård
2013-2016 Marit Aakre Tennø
2016-2020 Magne Aasbrenn
2020- Peder Lofnes Hauge

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Organisasjonsnummer

970205942

Sektorkode

7000 Ideelle organisasjoner

Næringskode(r)

94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar