Pål – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Pål er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Páll. Namnet kan ha vore innlånt frå gammalengelsk. Lenger bak kjem det frå det latinske Paulus aga til adjektivet paulus som tyder ‘liten’.
Namnet har fleire variantar: Pål, Paal.
Namnedag er 25. januar. Paul har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Pål
Eit utval personar med namnet Paal, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Paal Berg (1873–1968)
- Paal Brekke (1923–1993)
- Pål Kraby (1932–2009)
- Pål Spilling (1934–2018)
- Pål Bang-Hansen (1937–2010)
- Pål Tyldum (1942)
- Paal-Helge Haugen (1945)
- Pål Steigan (1949)
- Pål Gunnar Mikkelsplass (1961)
- Pål Anders Ullevålseter (1968)
- Pål Sverre Valheim Hagen (1980)
- Pål Golberg (1990)
Namnestatistikk
I 2022 var det 9 390 menn i Noreg som hadde Pål som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Pål var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 8 gutar som fekk namnet Pål.
Utvikling i bruk av namnet
Mens Paul var mest brukt tidleg på 1800-talet, hadde Pål og Paal toppfasen sin rundt 1970. Dei fleste einstava nordiske namna var på topp innanfor perioden 1920–1979, og Pål og Paal – med utanlandsk opphav – ligg dermed innanfor hovudperioden for dei einstava nordiske namna.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Paal var klart mest brukt i Aust-Agder.
Paal var klart mest brukt i Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Pål på 1800-talet.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.