Prestestranda – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

1308 (SSB, 2023)

Landareal

1,6 km²

Tettstadsnummer

3061 Prestestranda

Prestestranda er ein tettstad i Drangedal kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1308 innbyggjarar (2023).

Prestestranda er administrasjonssenter i Drangedal kommune, og ligg ved riksveg 38 (KragerøKviteseid) og Sørlandsbanen. Prestestranda har noko småindustri og handelsverksemd.

Drangedal stasjon på Sørlandsbanen ligg i Prestestranda. Drangedal kyrkje i Prestestranda er bygd i tre og vart oppført i 1775, men er seinare ombygd fleire gonger. Drangedal Bygdetun er eit friluftsmuseum med 19 gamle bygningar. Dei fleste er gåver frå bygdefolket. Bygdetunet har òg eit nytt museumsbygg, Nystue, som stod ferdig i 2009. Nystue inneheld mellom anna ei skogbruksutstilling.