Svenevik – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

325 (SSB, 2023)

Landareal

0,3 km²

Tettstadsnummer

4093 Svenevik

Svenevik er ein tettstad i Lyngdal kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,3 km², og har 325 innbyggjarar (2023).

Svenevik er eit bustadsområde som ligg på vestsida av inste del av Rosfjorden, eit par km frå kommunesenteret. Fylkesveg 480 går gjennom staden.