Agder – fylke – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Etymologi

Av norrønt Agðir eller Egðafylki

Administrasjonssenter

Kristiansand og Arendal

Innbyggjartal

319 850 (SSB, 2024)

Landareal

14 981 km²

Høgaste fjell

Sæbyggjenuten (1507 moh.)

Innbyggjarnamn

Egd

Fylkesnummer

42

Fylkesvåpenet har rød bunn med en gull eik. Fargene er fra Aust-Agders våpen, treet en forenklet utgave av Vest-Agders våpen.

Kommuner i Agder

Kart over kommuner i Agder fylke

Q42 i Kristiansand

Fra sentrum av Kristiansand, det største tettstedet i Agder og landets 8. største tettsted.

Agder er eit fylke i Noreg. Det vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder. Samanslåinga er del av ei landsomfattande regionreform.

Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Det består i søraust og sør av Skagerrakkysten frå Gjernestangen aust for Risør til Lindesnes og herfrå vidare vestover av Nordsjøkysten til munningen av Sireåna, grenseelva mot Rogaland. Noregs sørlegaste punkt, skjeret Pysen, ligg i Agder søraust for Mandal. Det sørlegaste punktet på fastlandet ligg ytst på Lindesnes-halvøya. Innanfor kysten blir Agder prega av område med skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde.

Fylket grensar i aust, nordaust og nord til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.

Dei største byane (tettstadene) i Agder er (folketal frå 2023): Kristiansand (66 576), Arendal (44 856), Korsvik aust for Topdalsfjorden i Kristiansand (19 405) og Grimstad (14 390).

Natur

Lista

Med sine små høydeforskjeller, med løsmassekyst uten skjærgård skiller halvøya Lista seg markant ut fra Agder-landskapet for øvrig.

Njardarheim

Det indre av fylket har vidstrakte heiområder over skoggrensa som her fra Valleheiane.

Berggrunnen i Agder fylke består av grunnfjell som ved kysten utgjer eit lågt, men likevel til dels sterkt kupert landskap, og som nordover hevar seg gradvis. Vel 100 kilometer frå kysten går det over i eit høgfjellslandskap over 1000 meter over havet. Lengst nord utgjer dette ein del av Setesdal Vesthei og Austheiane, høvesvis vest og aust for Setesdal. Høgast når fjella i nordaust med Sæbyggjenuten (1507 meter over havet) på grensa til Tokke kommune i Telemark fylke. I nordvest ligg Kaldafjellet (1452 meter over havet) på grensa til Rogaland (Suldal kommune).

Mellom kysten og høgfjellsområda blir landskapet i Agder prega av ei rekkje markerte dalføre, hovudsakleg nord-sørgåande, med skogkledde heiområde mellom. Desse er særleg tydelege i fylkets sentrale og vestlege delar, frå og med Setesdal med Otra og vestover: Mandalen, Kvinesdalen, Lyngdalen og Sirdalen. Aust i fylket er landskapet meir uoversiktleg, og her følgjer dei lengste vassdraga, Arendalsvassdraget (sjå også Nidelva (Agder) og Tovdalsvassdraget, over store strekningar ei markert forkastingslinje, den såkalla sørlandske breksjen, som spring parallelt med kysten. Dei to vassdraga har munning i høvesvis Arendal og Kristiansand.

Berggrunnen i Agder er dekt av forholdsvis sparsame lausmassar som i aust stort sett er avgrensa til sprekkar og smådalar. I dei noko breiare dalane sentralt og vest i fylket og dessutan ut mot havet på Lista, er det nokre større område med lausavsetningar, men i fylket samla sett er likevel berre 2,2 prosent av totalarealet dyrka jord. Agder har mange, men for det meste korte fjordar.

Høgdeforskjellane i kyststrøka er størst vest for Lindesnes, og her er fjordane noko lengre enn i aust. Lengst vest, vest for Hidra, er kysten mindre innskore, og her er han, som utanfor Lindesnes og Lista, utan skjergard. Fleire av sjøane i nedre del av hovuddalføra frå Nidelva og vestover er demde opp av ein morene avsett under eit opphald i tilbaketrekkinga til isen etter siste istid, og denne kryssar dei nord–sørgåande dalane i området. Blant desse er, rekna frå aust:

Den marine grensa, som ligg på rundt 100 meter over havet lengst aust i fylket, fell jamt til 80 meter i Tvedestrand, 50 meter i Grovane nord for Kristiansand og 40 meter lengst i sørvest. I ei spesiell stilling i så måte står den ytste, låge delen av Lista-halvøya; her ligg den marine grensa mindre enn ti meter over dagens havnivå.

Skoggrensa i Agder når opp i 700–900 meter over havet i aust og 400–500 meter i vest. Barskoggrensa ligg rundt 100 meter lågare enn dette. Dei skiftande geologiske og topografiske forholda gir seg uttrykk i sterkt blanda skogtypar med innslag av praktisk talt alle treslaga som finst i Noreg. Ved kysten er det varmekjær lauvskog med eit sterkt innslag av eik. Av den produktive skogen i Agder er furu viktigaste treslag. I dei lågareliggjande strøka, særleg i dei austre dalføra, dominerer likevel gran.

Klima

Arendal

Nedre Tyholmen, eldste bydel i Arendal, Agders nest største tettsted.

Den austlege delen av Agder er godt skjerma mot vest og har klimatrekk felles med dei nærliggjande delane av Austlandet. Dei vestlege delane av fylket omfattar utsette, vestorienterte område; dette gjeld både store delar av kyststrøka og heiane omkring Setesdal og Sirdal. Utsette kyststrekningar ved Lindesnes og Lista har ganske stor hyppigheit av kuling, sjølv sommarstid.

Årsnedbøren på kysten er rundt 1000 millimeter, litt mindre i aust enn i vest. Nedbøren aukar til cirka 1400 millimeter i ei sone 20–30 kilometer innanfor kysten, medan indre dalstrøk kan ha ein årsnedbør på under 1000 millimeter. Om sommaren er kysten solrik, men innover land er det meir vekslande skydekke med enkelte regnbyger. Om vinteren kan møtet mellom kald luft frå aust og fuktig luft frå Nordsjøen enkelte år resultere i store snømengder i fylkets austlege del, medan det blir lite snø vest for Lindesnes. Vennesla har noregsrekorden for 24 timars nedbør som snø; 4. februar 1960 fall det 131,8 millimeter nedbør i form av snø, og snødjupna auka dette døgnet frå 15 til 52 centimeter. Same døgn fekk Mestad i Oddernes 128,7 millimeter nedbør, og her auka snødjupna med 77 centimeter, frå 19 til 96 centimeter.

Kysten av Agder har ei tåkehyppigheit på 3–4 prosent, mest om våren når det strøymer varmluft over det kalde sjøvatnet. Heiane har betydeleg meir tåke enn ein har i tilsvarande område langt frå kysten, især om hausten, medan kysten har mest tåke om våren.

Befolkning

Agder hadde på slutten av 1800-talet over åtte prosent av befolkninga i landet. Ved overgangen frå seglskip til dampskip oppstod ei krise i skipsfarten, ei svært viktig næring i Agder, noko som gav langvarige verknader på befolkningsutviklinga i fylket. Frå denne tida og fram til 1960-talet søkk den relative delen av Noregs befolkning busett i Agder til 5,2 prosent. Frå midten av 1960-talet har fylket hatt ein relativt sterkare befolkningsvekst enn landet samla sett og dermed ein aukande del av folketalet i landet; i 2024 låg denne på 5,8 prosent.

I tiårsperioden 2014–2024 auka folkemengda i Agder med gjennomsnittleg 0,9 prosent årleg, ein marginalt sterkare auke enn i landet samla sett som hadde ein auke på 0,8 prosent i same periode. Etter kommuneinndelinga frå 2024 var veksten i denne perioden størst i Kristiansand/Vennesla og i kystkommunane i aust (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad, Lillesand) med ein gjennomsnittleg årleg vekst på høvesvis 1,2 og 0,8 prosent. Svakast vekst i denne perioden hadde dei indre bygdene i vest (Hægebostad, Sirdal og Åseral) og Setesdal (Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle) med ein vekst på høvesvis 0,3 og 0,6 prosent.

Seks av dei 25 noverande kommunane i fylket har lågare folketal i 2024 enn i 1950. Alle desse ligg i innlandet, to i Setesdal (Bygland og Valle), to høyrer blant dei indre skogbygdene aust i fylket (Gjerstad og Åmli), og to ligg i øvre del av dei nord-sørgåande dalstrøka i vest (Hægebostad og Åseral).

Dei områda som har svakast befolkningsutvikling, har også stort sett den lågaste tettstadsdelen i befolkninga. Agder samla sett hadde ein tettstadsdel på 80 prosent i 2023 mot 83 prosent i landet samla sett. Tettstadsdelen er størst i Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla) og i kystkommunane i austre del av fylket (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad og Lillesand) der høvesvis 94 og 82 prosent av befolkninga bur i tettstader (2023).

Til samanlikning har dei tre områda i dei indre stroka av Agder ein betydeleg lågare tettstadsdel en resten av fylket; det gjeld: Setesdal (Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle), dei indre skogbygdene aust i fylket (Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Froland og Birkenes) og dei øvre dalstroka vest i fylket (Åseral, Hægebostad og Sirdal). Desse tre områda hadde høvesvis 49, 44 og berre 25 prosent av befolkninga i busett i tettstader i 2023.

Kommunar

Kilden

Kilden kulturhus i Kristiansand huser regionteater, opera og symfoniorkester.

Det er 25 kommunar i Agder. Kristiansand kommune har høgast folketal (37 % av innbyggjarane i fylket), Sirdal har størst landareal (9 % av arealet i fylket).

Nr. Kommune Folketall Landareal Administrasjonssenter
4201 Risør 6 825 179 km² Risør
4202 Grimstad 24 969 272 km² Grimstad
4203 Arendal 46 355 255 km² Arendal
4204 Kristiansand 116 986 610 km² Kristiansand
4205 Lindesnes 23 690 883 km² Mandal
4206 Farsund 9 876 252 km² Farsund
4207 Flekkefjord 9 279 482 km² Flekkefjord
4211 Gjerstad 2 444 308 km² Gjerstad
4212 Vegårshei 2 268 322 km² Myra
4213 Tvedestrand 6 323 204 km² Tvedestrand
4214 Froland 6 236 601 km² Blakstad/Osedalen
4215 Lillesand 11 523 180 km² Lillesand
4216 Birkenes 5 480 596 km² Birkeland
4217 Åmli 1 802 1 058 km² Åmli
4218 Iveland 1 380 246 km² Birketveit
4219 Evje og Hornnes 3 967 549 km² Evje
4220 Bygland 1 180 1 150 km² Bygland
4221 Valle 1 205 1 130 km² Valle
4222 Bykle 1 011 1 254 km² Bykle
4223 Vennesla 15 452 362 km² Vennesla
4224 Åseral 923 797 km² Kyrkjebygda
4225 Lyngdal 10 835 606 km² Lyngdal (Alléen)
4226 Hægebostad 1 776 424 km² Tingvatn
4227 Kvinesdal 6 192 887 km² Liknes
4228 Sirdal 1 873 1 373 km² Tonstad

Tettstader

Setesdal

Sentralt i bildet tettstedet Byglandsfjord i Setesdal med Otra like sør for avløpet fra Byglandsfjorden, og i forgrunnen grenda Senum i Evje og Hornnes kommune. Innenfor kysten preges landskapet i Agder av skog, dal og hei som på bildet. Lenger nord går landskapet over i høyfjellsområder.

Etter SSBs definisjon er 53 tettstader i Agder. 79 prosent av innbyggjarane i fylket bur i ein av desse tettstadene.

Dei ti største tettstadene er:

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Kristiansand 66 576 21 % Kristiansand
Arendal 44 856 14 % Arendal, Grimstad
Korsvik 19 405 6 % Kristiansand
Grimstad 14 390 4 % Grimstad
Vennesla 13 803 4 % Vennesla, Kristiansand
Mandal 11 330 4 % Lindesnes
Søgne 10 925 3 % Kristiansand
Lillesand 8 266 3 % Lillesand
Flekkefjord 6 204 2 % Flekkefjord
Lyngdal 5 558 2 % Lyngdal

* Andelen av innbyggjarane i Agder fylke som bur i tettstaden.

Næringsliv

Jordbruk

I Agder set eit kupert terreng med små samanhengande område med lausmassar avgrensingar for jordbruket som eit gunstig klima ikkje heilt kan kompensere for. Hovudvekta i jordbruket i fylket ligg på eit allsidig husdyrhald, med særleg vekt på mjølkeproduksjon og sauehald, vesentleg i dei vestre og indre bygdene. Gjennomsnittleg bruksstorleik ligg for fylket samla klart under landsgjennomsnittet. Jordbruket betyr relativt sett mest i indre strøk, men dei viktigaste jordbruksareala i fylket finst i dei nedre delane av dei nord-sørgåande dalane, på Lista og i kyststrøka i aust der dei klimatiske forholda har gitt moglegheit for ein allsidig planteproduksjon med eit betydeleg innslag av hagebruk, særleg grønsaker og bær.

Skogbruk

Det meste av skogen finst i dei nedre dalane og i heiane mellom desse. Nærare kysten søkk skoggrensa, og lengst i sør er det nokså sparsamt med skog. Skogarealet i Agder utgjer 8625 kvadratkilometer eller 52 prosent av totalarealet i fylket (2024); den produktive skogen utgjer 38 prosent av totalarealet i fylket (2021). I 2022 var skogavverknaden for sal 838 707 kubikkmeter eller 7,3 prosent av den samla av avverknaden i landet. I Agder er det framleis relativt vanleg at jord- og skogbruk blir drive i kombinasjon.

Fiske

Fisket blir drive i dominerande grad til havs etter torsk og liknande artar og makrell som utgjer dei viktigaste fangstslaga. Ein vesentleg del av fangsten blir ilandført utanfor fylket. Skaldyr utgjer ein dominerande del av fangstverdien som vert ilandført i fylket. Agder har 321 fiskarar med fiske som hovudyrke, 394 inkludert fiskarar med fiske som biyrke, noko som utgjer 4,2 prosent av det samla talet på fiskarar i heile landet (2022). Agder hadde same året 256 registrerte fiskefartøy eller 4,6 prosent av talet på fiskefartøy i heile landet.

Havbruk er ei næring i vekst, særleg i dei vestre delane av fylket. Dette blir mellom anna spegla i at det frå 2019 er oppretta eit tilbod i «blått naturbruk» ved Flekkefjord vidaregåande skule med fokus på mellom anna akvakultur.

Industri og bergverk

Agder er nummer sju av dei 15 fylka i landet etter industrisysselsetjinga. Jamvel om industrien i fylket i landsmålestokk er relativt beskjeden, har den likevel vesentleg betydning innanfor nokre bransjar. Dei viktigaste industribransjane i Agder er verkstadsindustrien (produksjon av metallvarer, maskiner, elektrisk materiell, transportmiddel med vidare), med i alt 45 prosent av sysselsetjinga i industrien (2022); same året hadde produksjon av maskiner og utstyr/maskinreparasjonar og -installasjonar åleine 27 prosent av industrisysselsetjinga. Andre viktige industribransjar i fylket er (prosentdelen av industrisysselsetjinga i 2022): trelast-/trevareindustri (14), primær jern- og metallindustri (7), gummi-, plast- og mineralsk industri (9) og kjemisk og farmasøytisk industri (6).

Industrien i Agder er for ein stor del konsentrert til tettstadene langs kysten, og særleg dominerer Kristiansand-området (Kristiansand og Vennesla) med heile 42 prosent av industrisysselsetjinga i fylket (2022). Same året hadde kystkommunane i den vestre delen av Agder (Lindesnes, Lyngdal, Kvinesdal, Farsund og Flekkefjord) 26 prosent av industrisysselsetjinga mot 24 prosent i den austre delen (Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad og Lillesand). Dette gjev dei andre 13 kommunane i fylket, som alle ligg i innlandet, til saman berre seks prosent av den samla industrisysselsetjinga i fylket.

Energi

Det er i 2023 utbygd 113 vasskraftverk i Agder med ein samla maskininstallasjon på 3523 MW og ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 14 698 gigawatt-timar (GWh), noko som dette året utgjer høvesvis 10,5 og 10,7 prosent av den utbygde vasskraften i landet. Vassdraga Sira og Kvina (Sira-Kvina-utbygginga) i vest og Otra sentralt i fylket står for ein dominerande del av vasskraftproduksjonen og har til saman nær på tre firedelar av den gjennomsnittleg årsproduksjonen av vasskraft i fylket (2023). Tonstad kraftverk i Sirdal er det største vasskraftverket i landet målt etter gjennomsnittleg årsproduksjon (4058 GWh).

Agder har per 2023 fire vindkraftanlegg i drift: Tonstad, Buheii i Kvinesdal, Lindesnes og Lista vindparkar. Dei har ein samla installasjon på 366,6 megawatt (MW) og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1228 GWh, noko som dette året utgjorde 7,3 prosent av samla vindkraftproduksjon i Noreg.

Elektrisitetsforsyninga i fylket blir formidla gjennom eit distribusjonsnett som er eigd av Agder Energi AS. Overføringsnettet og hovudfordelingsnettet i fylket er eigd av Statnett SF og Agder Energi AS.

Tenesteytande næringar

Turisme er ei viktig næring i Agder. Fylket har stor tilstrøyming av turistar til kystområda i sommarhalvåret, og etter kvart også adskilleg vinterturisme, særleg nord i Setesdal (Hovden), i Sirdal, øvst i Kvinesdal (Knaben) og i Åseral. Framleis er likevel Agder først og fremst eit sommarferiefylke. Skjergarden i Agder er tettbygd med hytter og ferieanlegg, og i fjellområda er det også bygd ut hytteområde og anlegg som alpinanlegg og turløyper som gir vinterturistane eit godt tilbod. I fleire kommunar har ein på grunn av den auka turiststraumen måtta treffe tiltak for å avgrense hyttebygginga.

Samferdsel

Vegen E18/E39 (E18 aust for og E39 vest for Kristiansand) går gjennom fylket like innanfor kysten. Vegen passerer alle dei største tettstadene i fylket bortsett frå Farsund og Vennesla. E39 går frå E45 i Aalborg i Danmark via ferja Hirtshals–Kristiansand, og vidare herfrå nordover dels langs og dels litt innafor vestlandskysten heilt til E6 på Klett like sør for Trondheim.

Lenger nord og på tvers av dei mange nord-sørgåande dalføra i Agder fører fylkesveg 42 frå Arendal vestover til Egersund. I fleire av desse dalane går riks- og fylkesvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda. Viktigast i så måte er Setesdalsveien (riksveg 9 Kristiansand–Haukeligrend) og riksveg 41 gjennom dei indre skogbygdene aust i fylket (Kristiansand–Birkeland–Treungen–Brunkeberg; dei to siste av desse stadene i Telemark). Riksvegane 9 og 41 knyter E18/E39 ved kysten til E134 over Haukeli. Om sommaren er Suleskarvegen open gjennom fylket. Den går nord for fylkesveg 42 og representerer det kortaste, om enn ikkje raskaste, vegsambandet mellom Oslo og Stavanger.

Sørlandsbanen går aust–vest gjennom Agder eit stykke innafor kysten. På grunn av dei mange nord–sørgåande dalføra, er det ei rekkje lange tunnelar mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna landets sjette og sjuande lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen på 9065 meter og Hægebostadtunnelen på 8474 meter. Einaste sidelinja til Sørlandsbanen med regulær persontrafikk er strekninga Nelaug–Arendal (Arendalsbanen).

Det er fast rutefart på kysten til og frå hamnene i tettstadene i fylket (Arendal, Grimstad, Lillesand, Kristiansand, Mandal, Lyngdal, Farsund, Kvinesdal og Flekkefjord). Det er også rutefart mellom dei største av desse hamnene og utlandet. Kristiansand er den dominerande hamnebyen og den einaste med fast ferjetransport til kontinentet (Kristiansand–Hirtshals).

Fylkets einaste stamflyplass er Kristiansand lufthamn, Kjevik. Denne har fast bussamband med Lillesand, Grimstad og Arendal. Kristiansand lufthamn Kjevik har i tillegg til ei rekkje innanlandske samband også internasjonal trafikk. Farsund lufthamn, Lista har ikkje regulær rutetrafikk, berre charter- og godstrafikk.

Administrasjon

I samband med regionreforma vart kommunetalet i Agder redusert frå 25 til 20 kommunar. Heile denne reduksjonen skjedde i det tidlegare Vest-Agder.

Statsforvaltaren i Agder og fagadministrasjonane under Statsforvaltarembetet (det tidlegare Fylkesmannsembetet) er lokalisert til Arendal (Arendal tettstad), medan Agder fylkeskommunes administrasjon ligg i Kristiansand.

Agder omfattar seks av dei i alt ni prostia i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prostia i Agder er, rekna frå aust: Aust-Nedenes, Arendal, Vest-Nedenes, Kristiansand (domprosti), Otredal, samt Lister og Mandal. Desse prostia har i alt 67 sokn (2024).

Agder fylke utgjer eitt tingrettsdistrikt som svarar til fylket med unntak av Sirdal kommune som er lagt til Sør-Rogaland tingrett. Vidare høyrer fylket, også det med unntak av Sirdal, til Agder politidistrikt med hovudsete i Kristiansand; Sirdal høyrer til Sør-Vest politidistrikt som har hovudsete i Stavanger. Agder politidistrikt har 19 lensmannskontor og sju politistasjonar fordelte på fire geografiske driftseiningar, høvesvis Austre, Midtre, Vestre og Setesdal driftseining.

Agder har eit godt utbygd vidaregåande skuleverk med i alt 18 fylkeskommunale og seks private vidaregåande skular fordelt på 15 av dei 25 kommunane i fylket (skuleåret 2023/2024). Fylket har dessutan sju folkehøgskular.

Universitetet i Agder vart formelt opna i 2007. Hovudadministrasjonen ligg på Gimlemoen i Kristiansand. Verksemda ved universitetet er samla på to større område, i høvesvis Kristiansand (Gimlemoen) og Grimstad (Teknologisenteret). Det er oppretta fem fakultet (for høvesvis helse- og idrettsvitskap, humaniora og pedagogikk, samfunnsvitskap, teknologi og realfag og kunstfag), og dessutan ein handelshøgskule og ei avdeling for lærarutdanning.

I Flødevigen på Hisøy i Arendal ligg Statens marinbiologiske forsøksstasjon. Sørlandet sjukehus HF har sjukehus i Kristiansand, Arendal og Flekkefjord.

I fylket kjem ut i alt 15 papiraviser (2022), og dei fleste er små med eit avgrensa nedslagsfelt. Dei mest betydelege dagsavisene er Fædrelandsvennen (Kristiansand) og Agderposten (Arendal); Fædrelandsvennen har aukande utbreiing som avis for heile landsdelen.

NRK har distriktskontor i Kristiansand. Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand husar Kilden Teater, Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør.

Kultur og historie

Agder var frå 500-talet evt. namnet på kyststrekninga frå munninga av elva Sira (Åna-Sira), som dannar grensa mot Rogaland i vest til Rygjarbit, dagens Gjernestangen, i aust. Folket i Agder vart kalla egdar (egðir).

I vikingtid og mellomalder vart Agder kalla Egðafylki, og høyrde innunder Gulatingslova. Dei indre strøka av Agder vart frå seinmellomalderen kalla Råbyggjelaget. På 1600-talet vart Agdesiden len oppretta, som i all hovudsak tilsvara dagens Agder fylke. Rundt 1700 vart lenet delt i Lister og Mandals Amt i vest og Nedenes amt i aust. Amta svara til dei seinare Vest-Agder og Aust-Agder fylker.

Nokre viktige turistattraksjonar i fylket er Merdøgaard Skjærgårdsmuseum, Knut Hamsuns heim Nørholm like sørvest for Grimstad, Næs Jernverksmuseum i Holt ved Tvedestrand, Sørlandsparken og Kristiansand Dyrepark med mellom anna Kardemomme by, Vest-Agdermuseet og Aust-Agdermuseet i høvesvis Kristiansand og Arendal, begge med elleve avdelingar rundt om i fylket, fyra på Lista (sjå Lista fyr) og Lindesnes (sjå Lindesnes fyr), dei gamle bygningsmiljøa i Loshavn i Farsund og Svinør i Lindesnes, dei nedlagde gruvene i Knaben i Kvinesdal og det svært godt bevarte bygningsmiljøet i Lyngør i Tvedestrand.

Namn og fylkesvåpen

Namnet Agder (på norrønt Agðir eller Egðafylki) har usikker tolking. Det kan vere ei avleiing av ǫgd, «vere skarp» og i så måte bety «landet som stikk ut i havet». Ei anna oppfatning er at namnet hengjer saman med norrønt agi, «sjøgang». I så fall betyr namnet «landet ved det urolege havet». Folka i Agder blir kalla egd eller egde, norrønt egð i eintal, og høvesvis egder og egdar, norrønt egðir, i fleirtal.

Agder blir også brukt som nemning på landsdelen som svarar til fylket og blir ofte brukt synonymt med Sørlandet, eit namn som først vart lansert av Vilhelm Krag i 1902 som nemning på kyststrøka i Agder. Seinare har Sørlandet etter kvart også vorte teke i bruk som nemning på heile Agder, inkludert dei indre strøka.

Fylkesvåpenet er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Dette er basert på dei to tidlegare fylkesvåpna i fylka. Motivet er frå Vest-Agders fylkesvåpen som hadde eit gult eiketre på grøn botn, medan fargane er frå Aust-Agders fylkesvåpen som hadde to horisontale gullbjelkar på djup raud botn. Vest-Agders motiv, eiketreet, er eit typisk treslag i Agder, og bjelkane i Aust-Agders fylkesvåpen symboliserer den tradisjonelle trelasthandelen i fylket, særleg med furu.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar