Tine – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Tine er kortform av kvinnenamn som endar på -tine, til dømes Martine og Kristine.

Namnet har fleire variantar: Thina, Thine, Tina, Tine.

Kjende personar med namnet Tine

Eit utval personar med namnet Tine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 254 kvinner i Noreg som hadde Tine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tina og Tine var på topp samtidig, i perioden 1985–1989. I 1992 fekk [Norske Meierier] nytt namn, [Tine]. Denne namneendringa ser ikkje ut til å ha gitt spesifikt utslag på bruken av jentenamnet Tine, for til liks med Tine gjekk Tina ned i perioden etterpå. Sidan år 1900 har Tina vore brukt over dobbelt så mykje som Tine.

Utvikling i bruk av namnet Tine frå 1880

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tine på 1800-talet.

Tine var mest brukt i Nordland.

Tine var mest brukt i Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thine.)

Historisk bruk av namnet Tine

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar