Tussa Kraft AS – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Hovdebygda
Olav Osvoll
Sindre Rotevatn
Tussa Kraft sin logo.
Tussa Kraft AS er eit energikonsern med hovudkontor i Ørsta på Sunnmøre. Til saman har konsernet om lag 200 medarbeidarar og ein omsetnad på 1048 millionar kroner (2018). Forutan i Ørsta har Tussa avdelingar i Herøy, Ålesund, Vanylven og Hornindal.
Dotterselskap
Konsernet har desse dotterselskapa:
- Tussa Energi AS, som produserer elektrisk kraft; driv vasskraftverk og sel krafta på den nordiske kraftbørsen. Tussa Energi eig 22 kraftverk med ein samla produksjon i 2018 på 594 GWh.
- Tussa Installasjon AS
- Tussa IKT AS
- Enøk-Senteret AS
- Tussa-24 AS. Det siste er konsernet sitt sals- og marknadsselskap både for bedrifts- og privatmarknaden.
Deleigar
I tillegg eig Tussa 46 prosent av nettselskapet Mørenett AS, som har 62 000 kundar (2018) i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord. Hovudkontoret for Mørenett ligg i Herøy, og selskapet har avdelingar i Ålesund, Ørsta, Vanylven og Norddal.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
1520 Kommunalt eide aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
35.111 Produksjon av elektrisitet fra vannkraft