V-dal – Store norske leksikon (original) (raw)
V-dal er ein dal karakterisert med V-forma tverrsnitt, der rennande vatn (til dømes elvar) har over tid gravd ut dalen.
Det er ein smal innskjering i jordoverflata som er eit resultat av rennande vatn si evne til å erodere i fastfjell og lausmassar. Den vertikale nedskjeringa frå dei fluviale prosessane vert vidare forsterka av forvitring og skråningsprosessar i dalsidene som over tid gir dalen den karakteristiske V-forma.
Dei gjentekne nedisingane over Skandinavia i løpet av kvartærtida gjer at vi har få dømer på fullskala V-dalar i Norge. Vi kjenner til V-dalar som er mindre påverka av breerosjon frå istidene og som i ettertid har skjert seg inn i bunnen av eldre bredominerte dalar. Dette er til dømes Måbødalen i Eidfjord, Utladalen i indre Sogn og Raumadalen i Romsdalen.