Vikeså – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
1021 (SSB, 2023)
Landareal
1 km²
4561 Vikeså
Vikeså er ein tettstad i Bjerkreim kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1021 innbyggjarar (2023).
Vikeså ligg ved E39 i vestenden av Svelavatnet i Bjerkreimsvassdraget. Frå E39 fører fylkesveg 503 nordaustover til fylkesveg 45 0i Byrkjedal i Gjesdal.
I Vikeså er det produksjon av ventilasjonsanlegg, likeins trevarefabrikk og golvleggjebedrift. Vikeså skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. I Vikeså ligg FN-parken med minnestein over rogalendingar som har falt i FN-teneste.