asparaginsyre – Store norske leksikon (original) (raw)
Asparaginsyre er ei av 20 aminosyrer som protein er laga av. Det er ei ikkje-essensiell aminosyre som kroppen kan produsere sjølv. Søtningsstoffet aspartam er eit dipeptid danna frå asparaginsyre og fenylalanin som er bundne saman.
Faktaboks
Også kjend som
Forkortes Asp eller D.
Fysiologiske oppgåver
Asparaginsyre spelar ei viktig rolle i substratbinding i enzymfamilien cytokrom P450, der aminosyra sit i det aktive setet, og binder substratet. Cytokrom P450 er eit viktig enzymsystem som blant anna bryt ned legemiddel i levra og i tarmen.
Asparaginsyre som finst fritt i kroppen spelar ei viktig rolle i ureasyklusen, der den bidreg med nitrogen. I ureasyklusen blir aminosyrer brutt ned, og det blir danna urea. Asparaginsyre er òg eit av mange substrat i danning av ringstrukturen i puriner.
Produksjon
Asparaginsyre blir danna frå oksaleddiksyre som kjem frå sitronsyresyklusen. Denne reaksjonen er ein likevektsreaksjon, som vil seie at den kan reagera begge vegar. Asparaginsyre kan derfor reagera og danne oksaleddiksyre. I tillegg kan asparaginsyre bli danna frå ei anna aminosyre, asparagin. I denne reaksjonen reagerer asparagin med vatn, i ein reaksjon kalla hydrolyse.
Struktur
I kroppen opptrer vanlegvis asparaginsyre med ei negativ ladning, og blir då kalla aspartat. Den negative ladninga gjev asparaginsyre mange ulike eigenskapar. Mellom anna fører ladninga til at asparaginsyre kan danne bindingar til vatn og positivt ladde forbindelsar i cellene, asparaginsyre er med andre ord hydrofil. Aminosyra finst derfor ofte på overflata av protein og er sentral ienzymatiske reaksjonar og finst ofte i det aktivt setet. Den negative ladninga gjer òg at asparaginsyre kan binde til metallion som har positiv ladning. Metallioner er viktige kofaktorar i mange enzym.
Asparaginsyre finst ikkje berre på utsida av protein, men kan òg bli funne inne i protein. Då er den kopla til positivt ladde aminosyrer, i form av saltbruer. Saltbruer er med på å skape eit stabilt protein.
Systematisk namn: 2-aminobutandisyre
Kjemisk formel: C4H7NO4