atomnummer – Store norske leksikon (original) (raw)

Atomnummeret er det same som talet på proton i atomkjernane i eit grunnstoff. I periodesystemet er grunnstoffa ordna etter atomnummeret.

Faktaboks

Også kjend som

kjerneladningstall, protontall

Atomnummeret veks med éi eining for kvar plass ein går utover i periodesystemet. Det er 1 for hydrogen, 6 for karbon, 8 for oksygen, 26 for jern og 82 for bly og så vidare.

I eit nøytralt atom er talet på elektron lik atomnummeret.

For å definere talet på partiklar eit atom består av, treng ein å oppgi både atomtalet og massetalet. Massetalet er lik summen av atomnummeret og nøytrontalet, som er talet på nøytron i kjernen.