bio- – Store norske leksikon (original) (raw)
Bio- er ei forstaving (prefiks) for noko som gjeld levande organismar og livet deira, noko som er framstilt av organisk råstoff, eller noko som gjeld livet til eit bestemt menneske.
Faktaboks
av gresk bios, ‘liv’
Døme på den første tydinga: biologi, biodiversitet, biosfære og biotop.
Døme på den andre tydinga: biodrivstoff og biodiesel.
Døme på den tredje tydinga: biografi (livsskildring).